Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Doktorgradsstipendiat i andrespråkskommunikasjon: polakkar i Noreg

Søknadsfrist: 30.04.2020

Senter for fleirspråklegheit (MultiLing)

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) er eit senter for framifrå forsking (SFF) under Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) ved Det humanistiske fakultet. Senteret har også status som eitt av fem verdsleiande miljø ved Universitetet i Oslo, og er i ferd med å bygge opp eit sosiokognitivt laboratorium. MultiLing sitt mål er å bidra med kunnskap om fleirspråklegheit hjå individet og i samfunnet i eit livsløpsperspektiv, og gjennom det belyse dei moglegheitene og utfordringane fleirspråklegheit representerer for individet i familien, skulen, andre institusjonar, og i samfunnet som heilskap. Staben består av 40 tilsette frå 15 forskjellige land. MultiLing har i tillegg eit stort nettverk av nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar som arbeider med fleirspråklegheit ved ei rekke forskingsinstitusjonar.

Om stillinga

Ei doktorgradsstipendiatstilling (SKO 1017) er ledig ved Senter for fleirspråklegheit (MultiLing) ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN), Universitetet i Oslo. Stillinga har oppstart i august 2020 og er finansiert av Noregs forskingsråd. Stillinga er del av eit av MultiLings forskarprosjekt, som heiter: Andrespråkskommunikasjon i arbeidslivet – om polske immigrantar i Noreg (‘Second-language communication in workplace settings – the case of Polish migrants in Norway’) (NorPol).

MultiLing er eit Senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd (2013–2023). MultiLing har som mål å auke kunnskapen om fleirspråklegheit i eit livslaupsperspektiv, knytt til tre overordna tema, tema 1: fleirspråkleg kompetanse, tema 2: fleirspråkleg praksis, og tema 3: fleirspråklegheit, ideologiar og språkpolitikk (for meir informasjon, sjå http://www.hf.uio.no/multiling/).

MultiLing søkjer stipendiatar med framifrå forskingskvalifikasjonar, som skal samarbeide med forskarar ved MultiLing og i NorPol-prosjektet. Prosjektet trekkjer inn perspektiv frå alle dei tre overordna temaa ved MultiLing (sjå ovanfor). NorPol undersøkjer sosiokulturelle, interaksjonelle og lingvistiske faktorar som høvesvis fremjar eller hemjar arbeidsplasskommunikasjon for polske arbeidstakarar i Noreg. Ei skildring av prosjektet finn de her.

Det er forventa at søkjaren presenterer framlegg til eit sjølvstendig forskingsprosjekt med relevans for det overordna NorPol-prosjektet. Særleg velkomne er prosjekt som undersøkjer korleis interaksjonelle faktorar påverkar felles forståing i andrespråkskommunikasjon, og prosjekt som undersøkjer rolla til grammatiske, leksikalske eller syntaktiske kjenneteikn ved språket til polske talarar av norsk som andrespråk. Andre prosjekt knytt til polsk-norsk arbeidsplasskommunikasjon vil òg bli vurderte.

Det er forventa at den som blir tilsett, blir ein del av og bidrar aktivt til utviklinga av forskingsmiljøet ved MultiLing og av NorPol-prosjektgruppa. Dei siste månadene av prosjektperioden ligg etter avsluttinga av MultiLing, og prosjektet vil då vere direkte underlagt Institutt for lingvistiske og nordiske studium.

Tilsettinga gjeld for ein periode på tre år, med oppstart 1. august 2020. Alle doktorgradsstipendiatar som leverer doktoravhandlinga si til vurdering med ei skriftleg tilråding frå rettleiaren sin innan 3 eller 3 ½ år etter tilsetting, vil få tilbod om eit gjennomføringsstipend på høvesvis 12 eller 6 månader.

Den som blir tilsett, vil automatisk bli knytt til og må delta i den organiserte forskarutdanninga ved Det humanistiske fakultetet (jf. Reglement og utfyllande vedtak for forskarutdanninga på fakultetet), og det er forventa at stipendiaten arbeider med dei gitte forskingsoppgåvene på fulltid. Det vitskaplege arbeidet skal munne ut i ei doktoravhandling (monografi eller artikkelbasert), som skal forsvarast ved fakultetet for å oppnå doktorgrad. Les meir om doktorgrad og forskarutdanning her.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Aktuelle kandidatar må ha Mastergrad eller tilsvarande utdanning innan lingvistikk, nordiske språk, norsk som andrespråk, retorikk og språklig kommunikasjon, lingvistisk antropologi eller ein annan disiplin som er relevant for NorPol-prosjektet (legg merke til kravet om minimum toårig mastergrad eller tilsvarande. Avsluttande grad skal vere oppnådd ved søknadstidspunktet).
  • Framifrå skriftleg og munnleg kompetanse i engelsk

I vurderinga av søknadane vil ein særleg leggje vekt på:

  • Den vitskapelege kvaliteten på prosjektet, forskingsrelatert relevans og innovasjon
  • Internasjonal erfaring og nettverk
  • Søkjaren sine faglege og personlege føresetnader for å gjennomføre prosjektet innanfor tidsramma
  • Gode samarbeidseigenskapar og evne til å gå inn i faglege fellesskap på tvers av disiplinar, og i NorPol-prosjektet
  • Personlege føresetnader og motivasjon for stillinga

Gode norsk- og/eller polskkunnskapar vil vere ein føremon.

Vi tilbyd

  • Lønn mellom kr 479 600 - 523 200 per år avhengig av kompetanse
  • Eit hyggeleg og stimulerande arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Korleis søkje

Søknaden skal innehalde følgande, sendt som vedlegg til den elektroniske søknaden, helst i pdf-format:

  • Søknadsbrev som skildrar søkaren sine kvalifikasjonar og motivasjon for stillinga.
  • Curriculum Vitae (med fullstendig oversikt over utdanning, tilsettingar, undervisningserfaring, administrativ erfaring og andre kvalifiserande aktivitetar, samt ei fullstendig liste over publikasjonar).
  • Karakterutskrift for mastergrad. Søkarar med utdanning frå eit utanlandsk universitet må leggje ved ei rettleiing til karaktersystemet ved deira universitet.
  • Prosjektskildring på 3-5 sider, inkludert ein detaljert framdriftsplan for prosjektet (sjå mal for prosjektbeskriving).

Ver venleg å merke at alle dokument må vere på engelsk.

Publikasjonar, masteroppgåver og liknande skal ikkje leggjast ved søknaden, men kan bli etterspurde seinare. Det blir nytta intervju i tilsettingsprosessen. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju på Universitetet i Oslo, eller via Skype.

Andre opplysningar

Sjå forskrift om tilsetjingsvilkår, samt retningslinjer for tilsetjing i stipendiatstillingar ved Universitetet i Oslo.

I høve til Offentleglovas § 25 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har bede om ikkje å bli oppført på søkarlista.

UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad gjenspeglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje tilhøva til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

For spørsmål om stillinga:

For spørsmål om rekrutteringsprosessen:


Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS