Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Overingeniør - Institutt for musikkvitenskap
Søknadsfrist: 19.05.2022
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Institutt for musikkvitskap underviser musikkvitskap på alle nivå og tek del i forsking innan ei rekkje felt, med eit særleg fokus på musikkhistorie og estetikk, populærmusikk og kulturanalyse, og musikkognisjon og -teknologi. Instituttet har om lag 50 tilsette, medrekna stipendiatar og postdoktorar, og tek opp til saman 90 bachelor- og masterstudentar kvar haust.
Institutt for musikkvitskap har fleire labar, studio og andre rom med instrumenter og teknisk utstyr. Ingeniørstillinga har ansvar for vedlikehald, drift og planar for investeringar knytt til desse romma og utstyret. Utstyret spenner frå akustiske instrumenter (piano og flygel), digitalt utstyr (mikrofonar, høgtalarar, m.m.) til programvare og IKT. Ingeniøren skal vere ei støtte for vitskapeleg tilsette både i undervisnings- og forskingsaktivitetar, og vi søker nokon som har god forståing for både akademiske og musikkutøvande aktivitetar. Ingeniøren vil delta i, og vere sekretær for, infrastrukturutvalet ved instituttet.
Om lag 20% av stillinga vil være knytt til undervisning på det engelskspråklege masterprogrammet Music, communication & technology. Desse oppgåvene inneber sjølvstendig undervisning og kan innebere emneansvar for enkelte av emna.
Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.
Arbeidsoppgåver
ha oversikt over instrumenter og teknisk utstyr ved instituttet
ansvar for drift, service og oppgradering av utstyr
planlegge nye innkjøp og serviceavtalar med eksterne leverandørar
støtte tilsette med forskings- og undervisningsaktivitetar
teknisk støtte ved arrangement
delta i og vere sekretær for infrastrukturutvalet
gje råd og innspel til leiinga i sakar om infrastruktur
undervise på masterprogrammet Music, communication & technology
Stillinga inngår som ein del av administrativ og teknisk stab ved instituttet, men undervisningsdelen av stillinga vil ha programleiar som arbeidsleiar. Det kan bli lagt også andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonskrav
utdanning minimum tilsvarande bachelornivå innan musikkvitskap, musikkteknologi eller andre relevante studieprogram. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
gode kommunikasjonsevner
god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
god teoretisk kunnskap og praktisk erfaring med nettverksbasert musikalsk samspel.
gode generelle AV og IKT-kunnskapar
relevant praktisk erfaring med musikkteknologi, både i studio og i konsertsetting (lydteknikk) det er ein fordel med relevant erfaring frå tilsvarande arbeid
Vi ser etter søkjarar som:
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
trivst med høgt tempo og varierte arbeidsoppgåver
har evne til å arbeide målretta og strukturert
er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
har gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
lønn frå kr 507 600 til kr 594 300 per år, avhengig av kompetanse
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetting og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønsker UiO at medarbeidarane i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar derfor kvalifiserte søkarar med redusert funksjonsevne til å søke stillinga. Som IA-bedrift vil vi legge til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Administrativ leiar ved IMV, Nina Rundgren, telefon 40 20 27 99, e-post: nina.rundgren@imv.uio.no