LEDIG STILLING VED OSLOMET

Stipendiatstillingar - Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI)

Søknadsfrist: 22.03.2021

OsloMet

OsloMet – storbyuniversitetet er landets tredje største universitet, med over 20 000 studenter og mer enn 2000 ansatte. OsloMet leverer kunnskap og yrkesutøvere samfunnet er avhengig av, og er tett på arbeidslivets behov. OsloMet er et urbant og mangfoldig universitet med internasjonalt preg og et attraktivt studie- og arbeidssted med studiesteder midt i Oslo og på Kjeller ved Lillestrøm. Tilstedeværelsen i hovedstadsregionen gir universitetet gode muligheter til å forstå og høste fordelene av byens varierte befolkningssammensetning.

Stipendiatstillingar knytt til prosjekt om barnehagen sin betydning for barns lese-, skrive- og rekneferdigheiter på barnetrinnet

Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studium (LUI) lyser ut to stipendiatstillingar knytt til prosjektet «Better Provision for Norway’s Children from Early Childhood Education and Care through Primary School [BeProS/GoBaN skole]» som er finansiert av Norges forskingsråd. Prosjektet er forankra på Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning. Stipendiatstillingane vert finansiert som 100% stillingar i tre år og har forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stillingane er ledige frå 01.09.2021. Les meir om fakultet her.

«Better Provision for Norway’s Children from Early Childhood Education and Care through Primary School [BeProS/GoBaN skole]» er ein oppfølgingsstudie etter barnehageprosjektet «Gode barnehager for barn i Norge» (GoBaN) der formålet er å undersøke kva betydning barnehagekvalitet har for barns faglege og sosiale ferdigheiter i skulen (www.goban.no). I GoBaN-studien deltok 1200 barn som prosjektet nå skal følge vidare i skulen. BeProS-prosjektet gir moglegheit til å knyte informasjon om kvalitet i barnehagane og heimemiljøet barna er i, saman med skrive-, lese- og rekneferdigheitane deira som elevar. Prosjektgruppa vil vere saman om å samle inn data frå dei aktuelle skolane. Søkaren skal utarbeide ei prosjektskildring som skal leggjast ved søknaden, og som blir knytt til ein av to arbeidspakker i prosjektet: «Barnehagens betydning for skrivinga og skriveferdigheitene til elevane» (arbeidspakke 2) eller «Barnehagens betydning for rekne- og leseferdigheitene til elevane på 4. og 5 trinnet» (arbeidspakke 3). Malen som skal brukast, finst her.

Interesserte søkarar kan vende seg til oppnemnde kontaktperson for dei ulike arbeidspakkene i forskingsprosjektet. For gode tips og råd om utvikling av ein god prosjektskildring, vert interesserte søkarar oppmoda om å melde seg på seminar for utforming av prosjektskildring som fakultetet tilbyr digitalt via Zoom 3. mars 2021 kl. 15.00-16.30. Påmelding via denne lenka.

Påmeldingsfrist er 1. mars 2021.

Arbeidspakkene er skildra nedanfor. Søknader til dei to utlyste ph.d.-stillingane, inklusive prosjektskildringar, må knytast til ei av desse to arbeidspakkene:

Betydninga av barnehagen for skrivinga og skriveferdigheitene til elevane (arbeidspakke 2)

Skriving er definert som ein tverrfagleg ferdigheit i grunnskulen og i dagens skule skal elevane skrive i alle fag. Skriving går føre seg både analogt og digitalt og den er multimodal. Målsettinga med ph.d.-prosjektet knytt til arbeidspakke 2 er å undersøke utvalde sider ved skrivekompetansen til elevar på 4. og 5. trinn, f.eks. kommunikativ kvalitet, innhald, tekstoppbygging, språkbruk, rettskriving- og teiknsetting, og bruk av skriftmediet enten analoge eller digitale. Det er ønskeleg at ulike kvalitetskriterium ved skriving blir knytt til kvalitet ved barnehage og heimemiljø i ph.d.-prosjektet. Datatilfanget frå skolane vil være analoge og digitale tekstar som blir skrivne i ulike fag. Det er også mogleg å samle inn data sjølv, gitt at det er avgrensa til det eksisterande utvalet av elever i det overordna prosjektet .

Kontaktperson: Professor Margareth Sandvik, [email protected], 67237509.

Betydninga av barnehagens kvalitet for seinare lese- og rekneferdigheiter på 4. og 5 trinnet (arbeidspakke 3)

I barnehagen blir grunnlaget lagt for barns vidare utvikling og læring. Målsettinga med stipendiatstillinga innanfor arbeidspakke 3 er å undersøke kva for betydning kvaliteten på barnehagetilbodet og heimemiljøet har for vidare fagleg utvikling i skulen (4. og 5. trinn). Nasjonale og internasjonale studiar viser at det blant norske elevar er rimeleg store forskjellar i lese- og rekneferdigheiter. Det vil derfor vere sentralt i dette ph.d.-prosjektet å få meir kunnskap om kva som bidrar til utvikling at elevar utviklar lese- og rekneferdigheiter. Internasjonale studiar viser at kvalitet ved barnehagen kan ha betydning for utvikling av seinare skuleferdigheiter. I denne studien følger vi eit utval barn frå barnehage til og med 5. trinn på barneskulen. Det finst allereie informasjon om kvaliteten på barnehagetilbodet, språktest av barna når dei er 3 og 5 år, og informasjon om korleis barna og dei føresette forstår kvaliteten på barnehagetilbodet i barnehagealder. Under prosjektet vil informasjon om kva som kjenneteiknar lese- og rekneferdigheitene til barna på 4. og 5. trinn, hentast inn. Datatilfanget frå skulane vil vere ordkjedetest, test av rekneferdigheit, kartleggingsprøve og nasjonale prøver i lesing og rekning.

Kontaktperson: Ove Edvard Hatlevik, [email protected], 67237677 og Elin Kirstin Lie Reikerås, [email protected], 51833451.

Les meir om Institutt for grunnskule- og faglærarutdanning, og forskargruppa SAMBA eller Begynner opplæring.

Kvalifikasjonar og vilkår:

• Den som vert tilsett, skal ha fullført hovudfag/mastergrad (tilsvarande 120 studiepoeng) med bokstavkarakter B eller betre, og med fagleg bakgrunn innan lærarutdanning, annan pedagogisk fagdidaktisk utdanning, utdanningsvitskap, eller anna utdanning på tilsvarande nivå. Søkarar utan bokstavkarakter frå tidlegare studium skal kunne dokumentere tilsvarande godt fagleg grunnlag, meir informasjon her.

Søkarar med utanlandsk utdanning må levere vitnemål på engelsk, og utdanninga må vere dokumentert godkjend av NOKUT.

• Opptak til doktorgradsprogrammet Ph.d. i utdanningsvitskap for lærarutdanning ved Fakultet for lærarutdanning og internasjonale studiar er et vilkår for tiltreding i stilling som stipendiat.

• Endeleg plan for forskarutdanning skal vere godkjent og avtalefesta seinast tre månader etter tiltreding.

• Den som vert tilsett, må ha god skriftleg og munnleg formidlingsevne på eit skandinavisk språk og engelsk.

• For søkarar på arbeidspakke 2 er det viktig å vise at ein beherskar eit skandinavisk språk.

• For søkarar på arbeidspakke 3 er det ønskeleg med statistisk kompetanse.

Ved vurdering og rangering av kvalifiserte søkarar vil det bli lagt vekt på:

• vitskapelege kvalitet på prosjektskildringa, medrekna originalitet og potensiale

• om prosjektet kan verte gjennomført innan normert tid (tre år)

• relevansen til prosjektskildringa for det overordna prosjektet som prosjektskildringa er knytt til (jf. oversikten ovanfor)

• vedlagte vitskapelege arbeid

• andre relevante publikasjonar

• erfaring frå tidlegare forskingsaktivitetar og deltaking i prosjekt

• personlege eigenskapar

Ynskte eigenskapar:

• motivasjon og potensial for forsking innan fag- og profesjonsfeltet

• personlege kvalitetar som mellom anna viser fullføringsevne

• evne til å arbeide både sjølvstendig og i fellesskap med andre forskarar, samt vere nytenkande og kreativ

• evne til å jobbe strukturert

• stor arbeidskapasitet

Det er viktig for OsloMet å gjenspegle folkesetnaden i regionen. Vi arbeider aktivt med å utvikle OsloMet vidare som ein inkluderande arbeidsplass og for tilrettelegging av arbeidsplassen ved behov. Alle kvalifiserte søkarar er velkomne, også søkarar som har opplevd periodar i livet utan arbeid, utdanning eller opplæring.

Vi tilbyr:

• ein spanande jobbmoglegheit på Norges tredje største universitet

• tilgang til fagleg vidareutvikling i eit kreativt fag- og forskingsmiljø

• deltaking i etablert doktorgradsprogram og forskargruppe der prosjektet høyrer til• ein arbeidsplass i utvikling

• gode låne- og pensjonsvilkår iStatens pensjonskasse

• gode velferdsordningar

Nærare opplysningar:

For nærare informasjon om stillinga, kontakt:

• Professor og prosjektleiar, Elisabeth Bjørnestad, 67237419, [email protected]

• Professor og studieleiar, Ingeborg Krange, 67237071, [email protected]

• Professor og ph.d.-koordinator, Kristin Walseth, 67237301, [email protected]

Stillinga vert løna etter Statens lønsregulativ, stillingskode 1017, lønnstrinn 54, 482 200,- kr.

OsloMet nyttar eit elektronisk rekrutteringssystem. Vil du søkje på stillinga, registrerer du søknad og CV ved å nytta knappen ”Logg inn og søk stillinga”.

Sakkunnig utval

Som søkar vil du bli vurdert av et sakkunnig utval.

I søknaden må du laste opp fylgjande dokument:

• søknad, CV og kopiar av vitnemål og attestar

prosjektskildring/prosjektskisse (maks 10 sider inkl. referanseliste). Prosjektskildringa må vere skriven på engelsk eller eit skandinavisk språk

.• hovudoppgåve/masteroppgåve og eventuelle andre vitskapelege arbeid som du ynskjer skal verta vurderte av sakkunnig utval, samt ei liste over eigne publikasjonar

OsloMet handsamar berre søknader sendt via vårt elektroniske rekrutteringssystem og alle dokument må vere lasta opp for at din søknad skal handsamast. Dokumenta må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk. Omsetjing må vere autorisert. Du må vise originalar ved eit mogleg intervju. OsloMet gjennomfører kontroll av dokument, slik at du som kandidat skal få ei reell vurdering og rettferdig konkurranse.

Søkarar vil bli vurdert av et sakkunnig utval. Før oversending av søknadspapir til sakkunnig utval vil alle søknadane bli gjennomgått ved fakultetet. Søknader frå ikkje-kvalifiserte søkarar vil ikkje bli oversendt til vurdering.

OsloMet er Charter & Code sertifisert av EU-kommisjonen med rettigheter til å bruke logoen HR Excellence in Research (HRS4R) og medlem i nettverket EURAXESS som bidrar til gode arbeidsforhold for mobile forskere. OsloMet har sluttet seg til prinsippene og forpliktet institusjonen til å følge anbefalingene i DORA-erklæringen (sfdora.org) (The San Francisco Declaration on Research Assessment).

Referansenummer: 21/00648

Logg inn og søk stillinga

Powered by Labrador CMS