Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Prosjektøkonom - Det samfunnsvitskaplege fakultet

Søknadsfrist: 19.11.2019

Om stillinga

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.

Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.

Flere stillinger fra Universitetet i Oslo

Det samfunnsvitskaplege fakultet har for tida ledig ei fast stilling som prosjektøkonom/rådgjevar ved fakultetsadministrasjonen.

Stillinga byr på interessante og faglege oppgåver. Stillinga inngår i økonomiseksjonen og yter tenester til fakultetsadministrasjonen og institutta ved fakultetet. UiO er inne i ei fase med fleire digitaliserings- og effektiviseringsprosessar som vil påverke måten vi jobbar på. Vi tilbyr gode moglegheiter for å være aktivt med på desse prosessane.

Prosjektøkonomen forventast å gje råd og rettleiing innan bidrags- og oppdragsfinansierte aktiviteter (BOA) og vil få eit særleg ansvar for deler av fakultetets eksternt finansierte prosjektportefølje. Her er det også mogelegheiter for å være med på å utvikle stillinga. Stillinga er underlagt leiar av økonomiseksjonen og består av 14 årsverk.

Arbeidsoppgåver

  • Støtte til grunneiningane innan prosjektprosessen med oppgåver primært innan rekneskap og budsjett
  • Økonomisk og administrativ oppfølging av eksternt finansierte prosjekt
  • Være ressursperson overfor institutta og prosjektleiarane og sikre god dialog med, og oppfølging av, fakultetet sine einingar på prosjektområdet
  • Være institutta sin prosjektcontroller gjennom å assistere prosjektleiar, forskingsrådgjevar og prosjekteigar med ulike administrative oppgåver knytt til søknader, drift og rapportering av prosjekt.
  • Samarbeide tett med forskingsrådgjevar i alle fasar av prosjektet
  • Oppdatere prognose og utføre analyse av prosjektporteføljen
  • Bidra til utarbeiding av rapportar til leiinga
  • Bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen innan forvaltning av ekstern finansiering

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning innan økonomi eller samfunnsfag frå universitet eller høgskule minimum på Bachelornivå. Dokumentert realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan kompensere for utdanningskravet.
  • Særs god talforståing
  • Skjøne seg godt på prosjekt- og økonomi
  • God evne til å framstille seg skriftleg og munnleg på norsk og engelsk er ein føresetnad
  • Minimum 2 års arbeidserfaring innan økonomistyring/prosjektstyring/forskingsadministrasjon.
  • Generelt god IT-ferdigheit med spesiell vekt på Excel

Ønska kompetanse/erfaring:

  • Erfaring med prosjekt finansiert av EUs rammeprogram for forsking (H2020) og prosjekt frå Forskingsrådet (NFR)
  • Erfaring frå arbeid innan universitets-/høgskulesektoren
  • Utdanning på masternivå kan være ei føremon

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons-, samarbeids- og koordineringseigenskapar
  • Evne til å være løysingsorientert innan ramma av gjeldande lover og reglar
  • God evne til å jobbe sjølvstendig, systematisk, strukturert, heilskapleg innan fastsette tidsfristar
  • Resultat- og utviklingsorientert, med god gjennomføringsevne
  • Evne til å presentere økonomi for ikkje-økonomar

Vi tilbyr

  • løn som rådgjevar SKO 1434 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom kr 504.700 og kr 615.900, avhengig av kompetanse evt. og ansiennitet
  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
  • trening i arbeidstida
  • medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • eit aktivt og hyggeleg arbeidsmiljø

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)

Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.

Andre opplysningar

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Kontaktinformasjon

  • Seksjonssjef Terje Hegge, tlf 22857695 / 92494612, e-post: terje.hegge@sv.uio.no
  • Personalkonsulent Liv-Hilde Vang, tlf. 22852116

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS