LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i målevitskap / havteknologi

Søknadsfrist: 30.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i målevitskap/havteknologi

Ved Institutt for fysikk og teknologi (er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i målevitskap/havteknologi. Arbeidet omhandlar utvikling av metodar for sjølv-diagnostikk og sjølv-validering av smarte sensorar i eit trådlaust sensornettverk i sjø. Stillinga er for ei åremålsperiode på 3 år, og er knytt til NFR finansiering i Senter for Forskingsbasert Innovasjon (SFI) Smart Ocean der UiB er vertsinstitusjon.

Som ph.d.-stipendiat i SFI Smart Ocean vil du vere del av ei leiande forskings- og innovasjonsklynge innan marin instrumentering og operasjonar. Du vil bidra til utviklinga av ein heilt ny måte å få informasjon frå havet, som er høgst relevant for berekraftig marin forvaltning. Dei smarte sensorane skal måle på marint liv, miljø og marine strukturar. Forskinga di vil vere i nært samarbeid med både forskings-, sluttbrukar- og industripartnarar i senteret, ca. 20 partnarar totalt. SFI Smart Ocean ønskjer å lage fleksible og kosteffektive løysingar for overvaking og bruk av eit produktivt og sunt hav.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

I 2021 gjekk vi inn i tiåret for havforsking for berekraftig utvikling. Eit smart sensornettverk i vatn er ein byggestein for å få til sanntidsmålingar som gir grunnlag for å ta dei rette avgjerdene. Då er det viktig å kunne stole på målingane vi får frå sensorane.

Ein viktig komponent i ein smart sensor er evna til sjølv å vurdere om målingane er korrekte, og å automatisk justere for avvik over tid eller avvik som skuldast ytre påverknadar. På land er dette i bruk og under utvikling i Internet of Things (IoT) - Industri 4.0. Du vil arbeide med å utvikle og implementere generell metodikk for sjølv-validering og sjølv-diagnostikk, anvendt på nokre utvalde sensorteknologiar. Ein viktig del av arbeidet er å forstå kva for fysiske prosessar som påverkar målingane, og korleis ein kan nytte seg av uavhengige og redundante målemetodar. I sjøen har vi ekstra utfordringar med avgrensa tilgjengelegheit, låg bandbredde for kommunikasjon, og eit behov for lågt energiforbruk.

Vi ser etter ein person med bakgrunn i fysikk, med eksperimentell erfaring frå masteroppgåva eller frå arbeidslivet. Du vil vere ein del av forskingsgruppa for Målevitskap ved UiB/IFT, og vil delta i rettleiing av masterstudentar og prosjektoppgåver knytt til målevitskap og havteknologi. Du vil samarbeide nært med partnarane i SFI Smart Ocean, og vil ha medrettleiarar frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) og NORCE.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk, havteknologi, måleteknologi/instrumentering eller tilsvarande. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 30.06.2021. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjaren må kunne dokumentere gode kunnskapar i måleteknologi, eksperimentell fysikk eller tilsvarande laboratoriearbeid.Gode kunnskapar i matematikk er ein føresetnad
  • Det er ein fordel med gode kunnskapar i programmering og automatisering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
  • Det er ein fordel om søkjaren kan norsk.
  • Erfaring frå tilsvarande forskingsprosjekt vil bli vektlagt.
  • Erfaring frå relevant utviklingsarbeid vil bli vektlagt.
  • Det er ein fordel at kandidaten kan starte i stillinga innan 1. september 2021.

Personlege eigenskapar vil også leggast til grunn i vurderinga. Kandidaten sine ambisjonar og potensiale vil også telje med når vi evaluerer kandidatane.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 ved tilsetjing (kode 1017/LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 482 200,-brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, kan du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter, innan 30.06.2021
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Camilla Sætre mobil: +47 908 39 804, e-post: camilla.satre@uib.no, Institutt for fysikk og teknologi

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS