LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Stipendiat i akustikk - SFI CRIMAC (4 år)

Søknadsfrist: 01.05.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Stipendiat i akustik

Ved Institutt for fysikk og teknologi (IFT), Universitetet i Bergen (UiB), er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i akustikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år med tilsetting frå 1. september 2021.

Stillinga er bevillingsfinansiert av UiB under SFI CRIMAC - Senter for forskingsdriven innovasjon, med Havforskningsinstituttet (HI) som vertsinstitusjon, og UiB som ein av 10 senterpartnarar.

Vi tilbyr mogelegheit til å delta i ei av dei internasjonalt mest aktive og leiande forskings- og innovasjonsklyngene innan fiskeriakustikk, i ei utfordrande og spanande tid for marint liv, miljø og observasjonsteknologiar. CRIMAC-senteret består av om lag 30 forskarar i tett samarbeid med industripartnarane til senteret.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide i forskingsgruppa innan akustikk ved UiB/IFT som bygger på 55 års forsking innan eksperimentell, teoretisk og numerisk akustikk og for tida utgjer 27 personar (fast tilsette og emeriti, postdoktor, ph.d.- og mastergradsstudentar). Gruppa fokuserer på grunnforsking og samarbeider med eksterne partnarar innan applikasjonar, med aktive forskingsfelt som spenner over eit breitt område (eksempelvis elastiske bølgjeleiarar, ultralyd fiskal strømningsmåling av olje og gass, marin/fiskeri-akustikk, distribuert fiber-akustisk sensorteknologi, og material/væske-karakterisering).Gruppa er tett knytt til det nyetablerte senteret SFI Smart Ocean.

Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Dei sameinte nasjonane har initiert eit vitskapstiår med fokus på berekraftig utvikling av hav og marine miljø. Dette inkluderer metodar for nøyaktig estimering og berekraftig hausting av marine biomassar. Ph.d.-prosjektet er del av eit nytt Senter for forskingsdriven innovasjon innan marinakustisk mengdemåling og tilbakespreiingsklassifisering (CRIMAC). Det overordna målet for senteret er å forbetre og automatisere tolking av data og bilete frå moderne breibandsakustisk utstyr på forskingsfartøy og fiskebåtar.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide med metodar for å forbetre forståing og utnytting av moderne breibands ekkolodd-metodikk og akustiske signal tilbakespreidd frå marine organismar, ved bruk av matematisk modellering, numerisk simulering, og eksperimentelle målingar i laboratorium og felt.

Målsetjinga med Ph.d.-arbeidet er (i) å etablere og eksperimentelt teste ein generisk (instrumentuavhengig) og sameinande matematisk-numerisk system-modell for elektroakustisk effektforplantning og signalbehandling i vitskaplege breibandsekkolodd; (ii) å undersøke i kva grad tradisjonell smalbandsoperasjon og moderne breibandsoperasjon av vitskaplege ekkolodd gjev konsistente og like resultat for enkeltmål og volum-tilbakespreiing frå fisk og kalibreringskuler; (iii) å evaluere innverknad på måleresultat frå målesystemet sjølv, ved systematisk å variere relevante ekkolodd-systemparametrar gjennom sensitivitetsstudier; og (iv) å utforske nye signal og signalbehandlingsteknikkar for å vidareutvikle og forbetre eigenskapane i breibands ekkolodd med omsyn til karakterisering av marine organismer. Resultata skal bidra til forbetre basis for vidareutvikling av akustiske breibandsmetodar innan fiskeriakustikk, med fokus på mengdemåling, artsidentifikasjon og storleiksfordeling.

Ph.d.-kandidaten vil samarbeid tett med eit parallelt Ph.d.-prosjekt i CRIMAC, der fokus er akustiske signal tilbakespreidd frå enkle og multiple marine organismer. Ph.d.-arbeidet vil bli gjennomført i eit samarbeid med partnarane til senteret, med bi-rettleiing ved HI. Kandidaten blir forventa å delta i rettleiing av mastergradsstudentar i akustikk.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysikk eller tilsvarande disiplin, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå matematisk og numerisk modellering i fysikk eller tilsvarande disiplin er eit krav.
  • Gode kvalifikasjonar innan programmering er eit krav, t.d. ved bruk av Matlab eller Python.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område er ein fordel:

  • Gode kunnskapar i akustikk (fortrinnsvis ultralyd).
  • Gode kunnskapar i undervass-akustikk og/eller fiskeriakustikk.
  • Gode kunnskapar i numerisk modellering innan akustikk.
  • Gode kunnskapar innan ultralyd laboratoriemålingar og/eller feltmålingar.
  • Gode kunnskapar innan målefysisk laboratoriearbeid som involverer innsamling og prosessering av elektroniske signal.
  • Gode kunnskapar innan digital signalbehandling.
  • Gode norskkunnskapar.

For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 54 (kode 1017 /LR20, alternativ 10) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr. 482 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt pr. epost vil ikkje bli evaluerte.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Per Lunde, Institutt for fysikk og teknologi, Universitetet i Bergen, e-post: per.lunde@uib.no, tlf. +47 99493901; eller til
  • Forskar Tonje Nesse Forland, Havforskningsinstituttet, e-post: tonje.nesse.forland@hi.no, tlf. +47 40825537

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket kan gjelde ved behandling av søknadar til stillinga.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS