LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved SLATE

Søknadsfrist: 11.01.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Det er ei ledig stilling som vitskapleg assistent ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet. Stillinga er innan læringsanalyse i Erasmus+ prosjektet Remote Intelligent Access to Labs in Higher Education (RIALHE) og NORAD Midwifery Research and Education Development (MIDRED). Stillinga er midlertidig på 100% i 20 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år. 

Om SLATE Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE) er eit forskingssenter for læring som utfører tverrfagleg forsking på bruk av data og dataanalytiske tilnærmingar (læringsanalyse) for å forstå læring, undervisning og kreative kunnskapsprosessar gjennom hele læringslivet. Senteret opna i 2016 med finansiering fra Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Bergen og har et bredt mandat som et nasjonalt forsknings- og kompetansesenter for læringsanalyse og kunstig intelligens. Vi er et dynamisk og inkluderende miljø på 23 personer, inkludert fakultet, forskere, adjunkter, postdoktorer, doktorgrads- og masterstudenter, og støttepersonell. 

Arbeidsoppgåver:

I denne stillinga vi du hovudsakleg jobbe saman med prosjektkoordinatoren på prosjekta RIALHE Erasmus+ og NORAD MIDRED. Du vil også bli bedt om å delta i andre læringsanalyse- og AIED prosjekt, som syntetisk datagenerering og personvernforbedrede teknologier i utdanning. Arbeidsplassen for denne stillinga er Bergen, Norge. 

Spesifikke oppgaver: 

  • Bistå i utviklinga, testinga og evalueringa av eit læringsanalytisk lærerdashboard for fjernintelligente laboratoriar 
  • Bistå i forberedinga av eit sett med retningslinjer og anbefalingar for bruk av læringsanalyse i fjernstyrte laboratoriar 
  • Gi dataanalyse for åpne nettbaserte kurs relatert til jordmor online-utdanning 
  • Bistå prosjektleiaren med å oppfylle kommunikasjons- og leiaroppgåver for dei involverte prosjekta 
  • Bidra til akademisk skriving av forskingsartiklar 
  • Delta i SLATE sine akademiske og sosiale aktivitetar 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må på søknadstidspunktet ha ein mastergrad eller tilsvarande i enten psykologi, pedagogikk, teknologistudier, medisin eller relaterte felt 
  • Gode evner i R-programmering, HTML, Python, eller STATA 
  • Røynsle med dataanalyse med spesielt fokus på utdanning, inkludert metoder som maskinlæringsalgoritmer 
  • Grunnleggande kunnskap i dashboard-design og arbeid med Massive Open Online Courses dataanalyse er ein føremon 
  • Kunnskap i laboratorieteknikkar og praksis er ein føremon 
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og på ein strukturert måte, og ha gode samarbeidsevner. 
  • Grunnleggande kunnskap i norsk eller skandinavisk språk er ein føremon 
  • Du må kunne skriftlig og muntlig engelsk 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Brutto årsløn som vitskapleg assistent (kode 1020) kr 516 800 (tilsvarande lønssteg 52). For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din motivasjon for å søkje stillinga
  • CV
  • Navn og kontaktinformasjon til to referansepersoner. Ein av desse må være hovedveileder for masteroppgava eller tilsvarande. 
  • Karakterutskrifter og vitnemål (høgare utdanning) 
  • Eventuelle publikasjonar som du ønsker skal vere med i vurderinga av søknaden din

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS