Vitskapleg assistent ved institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 01.04.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei 100% stilling som vitskapleg assistent med umiddelbar oppstart og fram til 20 juni 2024. Stillinga er tilknytta forskingsprosjektet, Gender Gaps in political endurance (SUCCESS) som vert leia av professor Ragnhild Louise Muriaas.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
Arbeidsoppgåver:
Innsamling og analyse av datamateriale frå norske kommunar
Bistå i transkribering av datamateriale
Gjennomføring av litteratursøk
Praktiske oppgåver i tilknyting til prosjektet
Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Mastergrad i statsvitskap; andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert
God metodekunnskap, spesielt erfaring med å lage datasett og gjennomføre enkle kvantitative analyser.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
God administrativ IT – kompetanse
Erfaring med R.
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Årsløn som vitskapleg assistent, stillingskode 1020, kr. 509300, -
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.)
Søknadsfrist: 01.04.2024.
Søknaden skal merkast 2024/3398
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Ragnhild Louise Muriaas (professor, ragnhild.muriaas@uib.no)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.