LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent ved Institutt for biomedisin

Søknadsfrist: 16.06.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for biomedisin, er det ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent (1020). Stillinga er for ein åremålsperiode på 10 månader frå og med 13. august 2024.

Stillinga er knytt til prosjektet “ The role of membrane protein modifications in age-related brain pathology”, finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse (TMF) og Universitetet i Bergen.

Om stillinga og arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Om stillinga som vitskapleg assistent

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Vi gjer merksam på at etter «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat» blir denne stillinga rekna som ei åremålsstilling, og at samla tilsettingstid som vitskapleg assistent for same person ikkje kan overstige to år (uavhengig av stillingskode som vitskapleg assistent).

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere laboratoriearbeid knytt til forskingsgruppas pågåande prosjekt finansiert av TMF som handlar om NAA60-proteinet si kopling til sjukdomstilstanden primær familiær hjerneforkalking. 

Den tilsette skal bidra med eksperimentelle forsøk til planlagde artikkelmanuskript. Meir om forskingsgruppas arbeid finst her. Eigen karrierevekst vil òg vere ein del av oppgåvene då stillinga er tenkt å vere ei rekrutteringsstilling der kandidaten saman med rettleiar skal arbeide med å posisjonere seg mot, og søkje på opne stillingar som doktorgradsstipendiat. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk mastergrad i biomedisin eller molekylærbiologi, eller tilsvarande kompetanse, eller ha levert masteroppgåva si i eitt av desse faga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at mastergraden er fullført og bestått før tilsetting/oppstart i stillinga kan skje. Det er også ein føresetnad at karakteren på mastergraden er konkurransedyktig for vidare rekruttering til stipendiatstilling.
  • Søkjar må meistre norsk og engelsk på høgt nivå, munnleg og skriftleg. Engelskkunnskapar bør tilfredsstille krav om engelsk-kunnskapar for opptak til ph.d.-programmet ved Det medisinske fakultet
  • Søkjar må ha omfattande teoretiske kunnskapar om proteinmodifikasjonar (helst dei som skjer på proteinet si N-terminal) saman med noko teoretisk kunnskap om membranprotein si viktige rolle i nevrobiologi.
  • Søkjar må meistre relevante metodar for forskingsgruppa sitt planlagde arbeid, dvs. cellekultur, fluorescens- og konfokalmikroskopi, western blot, immunpresipitering, massespektrometri, metodar for måling av N-terminal acetylering, karakterisering av patogene proteinvariantar, diverse arbeid med membranprotein og mikroskopi-baserte metodar for protein-protein interaksjon.
  • Søkjar bør ha gjennomført kurset Laboratory Animal Sciences (LAS301/LAS302) og fordjuping i anvendt bioinformatikk er ein fordel.
  • Søkjar må dokumentere evne til å jobbe sjølvstendig og med vitskapeleg kreativitet, og til å levere resultat til ein definert tidsfrist, som til dømes artikkelrevisjonar.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Søkjar må kunne samarbeide og kommunisere svært godt med andre. Søkjar må ha stor lærings- og arbeidskapasitet, entusiasme for basalforsking, evne å vere nøyaktig, og vere ærleg og ansvarsmedviten.
  • Søkjar må ha potensiale som framtidig doktorgradskandidat, og det vil bli lagt stor vekt på faktorar som gir konkurransefortrinn i søknader om ph.d.-stipend som til dømes publiserte artiklar, aktive manuskript, undervisningserfaring, konferansedeltaking og posterpresentasjonar. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø. 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Brutto årleg løn i 100 % stilling er for tida kr 524 700 (stillingskode 1020, tilsvarande lønnssteg 53) i det statlege lønsregulativet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse. 
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknad med motivasjonsbrev som gjer greie for fagleg bakgrunn og kvifor du søkjer stillinga og planane dine for å posisjonere deg mot ph.d.-søknad.
  • CV.
  • Mastergradsoppgåva (i pdf-format). 
  • Eventuelle publikasjonar eller vitskaplege/faglege arbeid relevante for stillinga og ei liste over desse.
  • Stadfesta kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar).
  • Minimum to referansar (namn og kontaktinformasjon, den eine bør vere rettleiar på mastergradsoppgåva).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Henriette Aksnes, e-post: henriette.aksnes@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS