Vitskapleg assistent ESS, Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 04.11.2024
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Vitskapleg assistent
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på opptil 2 år.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.
I denne stillinga skal du jobbe med den Europeiske samfunnsundersøkelsen – European Social Survey (ESS) saman med nasjonal koordinator for ESS i Noreg.
Stillinga er finansiert av NFR.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
Dataanalyse og formidling av resultat,
Bidra til omsetjing og kvalitetssikring av norske spørjeskjema,
Bidra til organisering av ESS i Noreg,
Delta i organisering av forskingsaktivitetar og arrangement, som konferansar, workshops og nettaktivitetetar,
Aktivt bidra til det akademiske livet ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar
Mastergrad i statsvitskap eller tilsvarande
God kjennskap til statistiske metodar
God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg
God administrativ IT – kompetanse
Personlege eigenskapar
Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
Vi kan tilby:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Årsløn som vitskapleg assistent, stillingskode 1020, kr. 509 300, - (lønssteg 51) ved tilsetjing
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.