LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent - DIGISCREENS

Søknadsfrist: 18.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitenskapeleg assistent

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen er det ledig ei 60 %-stilling som vitskapleg assistent i 7 månader frå oppstartsdato. Stillinga er knytt til det CHANSE-finansierte prosjektet DIGISCREENS: Identities and Democratic Values on European Digital Screens: Distribution, Reception, and Representation. Oppstart snarast.

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å støtte den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsarbeid. Stillinga skal gi innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Prosjektet har ei internasjonal arbeidsgruppe med Dr. Maud Ceuterick som prosjektleiar. Fokus er på korleis strøyming av filmar og TV-seriar bidrar til å transformere sosial og kulturell dynamikk i fem europeiske land: Frankrike, Spania, Sverige, Noreg og Litauen. Ved å undersøke distribusjon, representasjon og mottak ser DIGISCREENS på korleis filmar og TV-seriar påverkar vår identitet og forståing av demokrati i Europa, med særleg vekt på dei siste tiåra sine retningslinjer for auka mangfald og inkludering på skjermen.

Arbeidsoppgåver:

  • Planlegge, gjennomføre og transkribere fokusgruppeintervju
  • Identifisere relevante tema i gjennomførte intervju
  • Skrive ein litteratur review om analysemetodar og ulike vitskaplege tema
  • Analysere fokusgruppeintervju basert på tidlegare vitskapleg litteratur
  • Skrive ein vitskapleg artikkel og eventuelt bokkapittel i samarbeid med prosjektleiaren
  • Oppdatere og ferdigskrive ein rapport om mangfald i norske institusjonar og plattformretningslinjer
  • Utføre andre administrative oppgåver som oppstår, inkludert oppdatering av prosjektets nettside

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Master i medie- og interaksjonsdesign eller tilsvarande.
  • Erfaring med forsking innan TV- og film-bransje
  • Erfaring med fokusgruppeintervju og analyse
  • Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
  • Ferdigheiter til å kunne jobbe sjølvstendig og skrive ein vitskapleg artikkel
  • Gode munnlege og skriftlege formidlingsevner.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Motivasjon til å samarbeide fleirfagleg

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Løn som vitskapleg assistent i kode 1020, for tida NOK 509 300,- brutto for kandidatar med mastergrad.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.)

Søknadsfrist: 18.06.2025. 

Søknaden skal merkast 2025/6559

Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleder Maud Ceuterick, maud.ceuterick@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS