LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vitskapleg assistent (20%) - Institutt for Sosiologi

Søknadsfrist: 29.04.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Vitskapleg assistent

Ved Institutt for Sosiologi, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som vitskapleg assistent for ein periode på ti månader (20%).

Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling der hovudoppgåva er å vere ein støttespelar for den vitskaplege staben i deira undervisnings- og forskingsverksemd. Stillinga skal gi høve til innsikt i vitskapleg arbeid og metode. Samla tilsetjingstid kan ikkje overstige to år.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til datainnsamling i prosjektet SALELITE (The Salmon Elite – Its politics, self-understanding, networks, and wealth) med særleg fokus på dokument frå bl.a. Stortingsarkivet, partidokumentarkivet og mediearkiv som Atekst. Tematisk fokus er innføring av og debatten om grunnrenteskatten, og politiske strategiar og praksisar av ulike representantar av lakseeliten
  • Bidra til kvalitativ analyse av dei innsamla dokumenta; arbeid med programvarer som NVivo
  • Bidra til litteratursøk; skrive litteraturoversikt
  • Hjelpe til i administrative og praktiske oppgåver i tilknyting til SALELITE, t.d. oppdatering av websida, organisering av digitale og fysiske møte, kontakt med media/kommunikasjonsavdeling etc.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Minst 120 studiepoeng i sosiologi, helst BA eller MA grad i sosiologi
  • God språkkunnskap i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg 
  • God administrativ IT – kompetanse
  • Kjennskap til metodereiskapar som NVivo er ein fordel
  • Erfaring med websideredigering og kontakt med media er ein fordel

    Personlege eigenskapar 

  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert 
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 

Ved vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som vitskapleg assistent, kode 1018, utgjer for tida kr. 414 200, -. For personar med bachelorgrad, kode 1019, er løn for tida kr. 428 100, -. For personar med mastergrad, kode 1020, utgjer løn kr. 509 300, - i fulltids stilling. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn elektronisk i JobbNorge. (via link på denne sida ”Søk på jobben”.) Vi ber om at bachelor- eller masteroppgåve leggjast ved søknaden. Kandidatar som ikkje har skrive bachelor- eller masteroppgåve, kan leggje ved ei anna oppgåve som dei har skrive i eit sosiologi-emne. 

Søknadsfrist: 28.04.2025 

Søknaden skal merkast 2025/4415.

Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS