Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Tannhelsesekretær (faste og vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi , er det ledig faste deltids- og heiltidsstillingar som tannhelsesekretær.
Det er også ledig vikariat som tannhelsesekretær. Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Den som vert tilsett må rekne med å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, pedodonti, periodonti, hovudresepsjon og pasientinnskriving.
Tannhelsesekretæren vil arbeide i team saman med tannlege og ha ansvar for studentar i kvar økt på klinikken.
Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).
Arbeidsoppgåver:
Pasientomsorg
Assistanse til tannlegar/tannpleiarar og studentar
Røntgenfotografering
Opplæring av studentar i hygiene
Oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
Reinhald, sterilisering, vedlikehald av utstyr
Pasientadministrative oppgåver
Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar :
Autorisasjon som tannhelsesekretær
Erfaring som tannhelsesekretær er eit ønskje
Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking
Ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Kompetanse innan data og Opus journalsystem
Handtere telefonar
Evne til å skape trivsel og godt arbeidsmiljø
Den som vert tilsett må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurderinga vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Løn er for tida kr 448 900 – 502 300 (kode 1545, lønssteg 42-50) i lønsregulativet i staten
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).