LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Spesialtannlege / instruktørtannlege (2x20% fast) ved Seksjon for periodonti

Søknadsfrist: 25.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Spesialtannlege / instruktørtannlege

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig fast stilling (2 x 20 %) som instruktørtannlege eller spesialtannlege ved Seksjon for Periodonti 

Det kan verte aktuelt å ansette to instruktørtannlegar om det ikkje er kvalifisert søker til spesialtannlegestillinga. Søkjar må derfor opplyse om kva stilling og stillingsprosent ein ønskjer.

Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).

Arbeidsoppgåver: 

Instruktørtannlegen og spesialtannlegen skal delta i seksjonen og fagområdet si teoretiske og kliniske undervisning for odontologi- og tannpleiarstudentar og eventuelt spesialistkandidatar. Klinisk undervisning omfattar klinisk rettleiing og å halde kliniske seminar. I tillegg inngår utvikling av undervisningsmateriell, og tilrettelegging av og deltaking i klinisk forsking og i faglege fora. Det vil vere aktuelt og vere med på å utvikle Universitetsklinikken ved deltaking i prosjekt og utval, samt å delta i faglege fora og i pasientnær forsking. 

Spesialtannlegen må vere ansvarshavande på kliniske økter og rapporterer til seksjonsleiar/overtannlege ved Seksjon for periodonti.

Det kan leggjast andre oppgåver til stillingane. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og vere godkjend spesialist i periodonti for å kunne tilsetjast som spesialtannlege. For å tilsetjast som instruktørtannlege må søkjar ha norsk autorisasjon som tannlege, klinisk erfaring og bør ha ei fagleg interessere for periodonti og for undervisningsoppgåver. 

Den som vert tilsett må ha gode norsk-kunnskapar, kunne arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten, fleksibel og ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Ved vurdering av søkjar vil dei personlege eigenskapane verte vektlagde.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Spesialtannlege: løn for tida kr 745 000 (kode 0787) i lønsregulativet i staten. For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Instruktørtannlege: løn for tida kr 646 000 (kode 1015) i lønsregulativet i staten. For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Kva stillingsprosent du ønskjer
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Førsteamanuensis Dagmar Bunæs, IKO på epost: dagmar.bunes@uib eller tlf: +47 55586647

 En kan også vende seg til avdelingstannlege Gabriela Dabija-Wolter, IKO på epost: gabriela.dabija@uib.no.

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Gabriela Dabilja-Wolter (Avdelingstannlege), gabriela.dabija@uib.no
Powered by Labrador CMS