LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overtannlege (50% vikariat) ved Seksjon for oral protetikk

Søknadsfrist: 17.07.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overtannlege (50% vikariat ved Seksjon for oral protetikk)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei 50 % vikariat som overtannlege ved Seksjon for oral protetikk med tilsetjing så snart som mogleg til 06.03.2025, med moglegheit for forlenging.Vi søker en person med gode lederegenskaper og som er utviklings- og endringsorientert.

Overtannlegen skal medvirke til at Klinikk for Oral Protetikk holder et høyt faglig nivå. Videre skal overtannlegen arbeide for gode arbeidsforhold som gir anledning til faglig og personlig utvikling for medarbeiderne på seksjonen.

Ved tilsetting kreves det politiattest etter helsepersonelloven §20 a).

Arbeidsoppgåver:

Overtannlegen har saman med seksjonsleiar ansvar for den prekliniske og kliniske undervisninga i grunnutdanning for studentar på integrert masterprogram i odontologi (emna OD3PROT, OD4PROT,OD4KLIN og OD5KLIN), kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS (KVALI-PROG) og studentar i bachelorprogram i tannpleie (TPBAPRO/GER). Dette omfattar ansvar for at den prekliniske og kliniske undervisninga av studentar og kvalifiseringskandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet og Institutt for klinisk odontologi. Oppfølging og vurdering av studentane sin kliniske progresjon og tilbakemeldingssamtalar på fagklinikken vil vere viktige oppgåver. Vidare sørgje for god pasientbehandling, god ressursdisponering, (personell, materialar og utstyr), kontakt med tanntekniske laboratorier og god teoretisk- og klinisk undervisning ved seksjonen.

Overtannlegen har arbeidsleiing for klinikkpersonalet og har ansvar for fagleg oppfølging av fagklinikken sitt personale. God kontakt med overtannlegar frå andre seksjonar vil være viktig. Under til seksjonens bemanningsplan vil overtannlegen tenestegjere 2 kliniske økter/uke.

Overtannlegen rapporterer til seksjonsleiar ved Seksjon for oral protetikk. Overtannlegen er saman med seksjonsleiar ansvarleg for at klinikkseksjonen vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, system og tildelt budsjett.

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato og vere godkjend spesialist i oral protetikk. Omfattande klinisk erfaring er eit krav, og Ph.d.-grad og utdanningsfagleg kompetanse er ønskeleg.

Den som blir ansatt må:

  • Ha evnen til å motivere og lede andre
  • Ha gode samarbeidsevner
  • Kunne fremme et godt arbeidsmiljø
  • Være løsningsorientert
  • Være i stand til å arbeide selvstendig og strukturert
  • Være målrettet, samt fleksibel og serviceinnstilt
  • Ha gode kommunikasjonsevner
  • Ha erfaring med digitale plattformer

Ved vurderingen vil det bli lagt stor vekt på de personlige egenskapene og den fagkompetansen som er nødvendig for stillingen.

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Løn for tida kr 796 600 (kode 1301) i lønsregulativet i staten. For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga
  • Kva stillingsbrøk du ønskjer
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga samt ein funksjonsomtale av stillinga kan ein få ved å kontakte:

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader leggjas fram, etter helsepersonelloven §20 a)

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS