LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Overtannlege (50% fast) ved Spesialistutdanningsklinikken

Søknadsfrist: 13.08.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Overtannlege - Spesialistutdanningsklinikken

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ein 50 % stilling som overtannlege ved Spesialistutdanningsklinikken. Stillinga har moglegheit for utviding til 80 % i fremtida. Tiltreding er frå august 2024.

Arbeidsoppgåver:

Overtannlegen har det overordna faglege og administrative ansvaret for avdelinga, delegert frå instituttleder. Overtannlegen har saman med seksjonsleiarane ansvar for den kliniske undervisninga for spesialistkandidatar i de odontologiske spesialitetane. Dette omfattar ansvar for at den kliniske undervisninga av spesialistkandidatar vert gjennomført etter studieplanar og faglege prinsipp vedtatt av Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi og Helse- og omsorgsdepartementet/Helsedirektoratet. Overtannlegen skal koordinere og samkøyre de ulike fagseksjonane for å sikre god og heilhetlig pasientbehandling, og sikre at klinikken utnyttar kapasitet og resursar best mogleg (personell, materialar og utstyr). Vidare ansvar for at Spesialistutdanningsklinikken vert drive effektivt og på ein god måte etter lovverk, etablerte strategiar, planar, rutiner, system og tildelt budsjett. Overtannlegen vil normalt få delegert personalansvar for dei tilsette som arbeider i teamet ved Spesialistutdanningsklinikken. Videre vil overtannlegen ha tilsyn med pasientbehandling, ventelister, planar for bemanning og motivere involverte ved avdelinga til å skape eit godt team som arbeidar mot høye kvalitetsmål. Overtannlegen rapporterer til Instituttleder. 

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege ved tilsetjingsdato og vere godkjend spesialist i ei av de godkjende odontologiske spesialitetane og pedagogisk utdanning er ønskjeleg. 

Pedagogisk erfaring og omfattande klinisk erfaring som spesialist er eit krav. 

Den som vert tilsett må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta, ha gode leiarevner, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner samt vere fleksibel og serviceinnstilt. 

Ved vurderinga vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane og fagkompetansen som er naudsynt for stillinga. 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
  • Løn for tida kr 796 600 (kode 1301) i lønsregulativet i staten. For særskilt kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillinga.
  • Kva stillingsbrøk du ønskjer.
  • Oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV).
  • Attestert kopi av vitnemål og relevante attestar.
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Instituttleder Asgeir Bårdsen (asgeir.bardsen@uib.no) eller 
  • Klinikkleder Neshe Lie (neshe.lie@uib.no)

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.

Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS