Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Klinikksekretær (fast og vikariat)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig både faste deltids- og heiltidsstillingar som klinikksekretær og vikariat som klinikksekretær Dei ledige vikariata kan vere deltids- og heiltidsstillingar, og for ulik tidsperiode. Tidsperioden kan vere frå 6 til 18 månader.
Som tilsett hos oss vil du få moglegheit til å gjere teneste ved ulike fagseksjonar/einingar etter instituttets behov. Instituttet har følgjande seksjonar/einingar: endodonti, førebyggjande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi, kariologi, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, oral protetikk, barnetannpleie, periodonti, hovudresepsjon og oral diagnostikk.
Ved tilsetting krevst det politiattest etter Helsepersonelloven § 20 a).
Arbeidsoppgåver:
sterilisering, vedlikehald av utstyr og reinhald
oppdekking, etterfylling av instrument og materialar
oppfølging av rutinar som ein del av kvalitetssikringsarbeidet ved klinikken
ansvar for tilrettelegging av rom og utstyr som blir brukt til pasientbehandling
kontorarbeid knytt til den daglege drifta
arkiveringsoppgåver
betene telefon
klargjere behandlingsrom
hjelpe til med ulike behandlingsprosedyrar og sikre at utstyr er på plass og fungerer
Andre oppgåver kan leggast til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha relevant utdanning frå vidaregåande skule eller tilsvarande utdanning
det krevst kunnskap om klinisk pasientbehandling
søkjar må ha god oversikt over arbeidsoppgåvene og jobbe sjølvstendig
relevant praksis blir vektlagt
den som blir tilsett må ha gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk.
det krevst digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
søkjar må vere fleksibel og ta initiativ
søkjar må vere effektiv, ansvarsbevisst og nøyaktig
mellommenneskelege eigenskapar er svært viktig i møte med studentar og kollegaer
erfaring innan tannhelse og utdanningsinstitusjonar er ein fordel.
Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt.
Vi kan tilby:
eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
løn for tida 448 900 – 472 900 (kode 1379, lønssteg 42-46) i lønnsregulativet i staten.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Ved tilsettjing må politiattest som ikkje er eldre enn 3 md. leggjas fram, etter Helsepersonelloven § 20 a).
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.