Universitetet i Bergen er en anerkjent utdannings- og forskningsinstitusjon, organisert i syv fakulteter og rundt 54 institutter og faglige sentre. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gir råd og bistand til ledelse og fakulteter ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i syv avdelinger. Les mer om IT-avdelingen her.
IT-assistentar ved UiB
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om stillinga:
Universitetet i Bergen er ein anerkjent utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og rundt 54 institutt og senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
IT-assistentane er IT-avdelinga sitt ansikt i møte med andre studentar på heile UiB. IT-assistentane er vanlegvis studentar med gode IT-kunnskapar og serviceinnstilling som arbeider ca. 10-12 timer i veka ved sida av studiet. Derfor oppmodar vi studentar til å søkje. Vi har pr i dag fem ledige stillingar, det kan og bli aktuelt å tilsette fleire.
Arbeidet er organisert som ein turnus. Omfang og tider kan, innanfor rimeleg omsyn, variere etter behov og ønske. IT-assistentane har eigen arbeidsplass med PC.
IT-assistentar – deltidRask oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver:
Tilsyn med teknisk utstyr i auditorium og undervisningsrom og brukarstøtte til brukarar av dette utstyret
Tilsyn med datamaskiner og skrivarar i PC-stover. Enklare teknisk driftsarbeid med PC-ar, skrivarar og nettverkskabling/-komponentar
Brukarstøtte og hjelp til studentar
Informasjon og rettleiing av brukarane. Formidling av informasjon mellom brukarane og IT-avdelinga/fakulteta
Ta del i forbetringar og utvikling av IT-tenestene for studentar saman med IT-avdelinga og fakulteta
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Du må minst vere i ferd med å fullføre ein bachelorgrad
Du må vere løysingsorientert og praktisk anlagt
Du må jobbe godt i team
Vi krev god generell teknisk kunnskap, og kunnskap om Windows (gjerne også Mac eller Linux) og programvare. Like viktig er det med ei generell positiv og serviceinnstilt haldning. IT-avdelinga vil gje opplæring i dei konkrete arbeidsoppgåvene og i rutinar, reglement m.m. som er aktuelle
Dei som skal tilsettast må kunne snakke norsk flytande
Det er et ønske at søkjar har kjennskap til UiB og UiBs tenester
Jobben passar for studentar med interesse for IT og god røynsle med PC-bruk. Ein må ha grunnleggande IT-forståing og -kunnskapar, men treng ikkje IT-utdanning
Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
Andre kvalifikasjonar som blir vektlagt
Erfaring frå serviceyrke
Erfaring med å samarbeide med andre, og kunne jobbe sjølvstendig
Vi tilbyr:
Deltidsstilling som Teknikar (kode 1090) i årsløn kr. 405 800 brutto tilsvarande 100% stilling i det statlege regulativet
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga
Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.