LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Digitaliseringsmedarbeidarar (25%, midlertidig)

Søknadsfrist: 05.09.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremmar open vitskap. Les meir om UB her.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Om stillingane:

Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig to midlertidige 25% stillingar som digitaliseringsmedarbeidarar (stillingskode 1070 sekretær), ved Manuskript- og librarsamlinga, Seksjon for Spesialsamlingar. 

Digitaliseringsmedarbeidarane vert knytt til Manuskript- og librarsamlinga ved Seksjon for spesialsamlingar og vil arbeide med arkivet etter Det Nyttige Selskab, eit sentralt byhistorisk selskap som har 250 årsjubileum i 2024.

Stillingane er på 12 månadar med moglegheit for forlenging. Oppstart snarast. 

Arbeidstid etter nærare avtale, mellom kl. 08.00-15.45 på kvardagar.

Arbeidsstad er Manuskript- og librarsamlinga, HF-bygget, Sydnesplassen 7, 5007 Bergen, men med moglegheit for arbeidsplass i andre av UBs arealar.

Arbeidsoppgåver:

  • Skanning, ompakking, metadataregistrering og tilgjengeleggjering av arkivet til Det Nyttige Selskab.
  • Løpande oppgåver knytt til digitaliseringsarbeidet.
  • Det må påreknas nokon lettare fysiske flytteoppgåver, og den tilsette kan ikkje være allergisk mot støv og liknande.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Universitetseksamen av lågare grad, med relevante fag som historie, kulturvitskap m.fl.
  • God kompetanse i norsk 
  • Generell IT-kompetanse
  • Kjennskap til Spesialsamlingane er ein fordel

Vi ønsker medarbeidarar som:

  • Er strukturert, fleksibel og med evne til å arbeide sjølvstendig
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Er interessert i historie
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Lønn som sekretær (kode 1070) kr. 394 100 – kr. 414 200 (ved 100% stilling) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar kan en få ved å vende seg til:

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS