Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
Økonomicontroller - Det humanistiske fakultet
Søknadsfrist: 29.09.2024
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Det humanistiske fakultetet (HF) ved Universitetet i Oslo er det største humanioramiljøet i Noreg og eit av dei beste humanistiske fakulteta i Norden.
Fakultetet har om lag 6000 studentar og tilbyr 14 bachelorprogram, 22 masterprogram, 18 årseiningar og meir enn 70 fag innanfor områda språk, kultur, historie, medium, litteratur og idéfag. På Det humanistiske fakultetet jobbar i overkant av 700 tilsette på sju institutt, to senter og einfakultetsadministrasjon. HF er vertsfakultet for den nye tverrfakultære satsinga UiO:Norden, og har òg to senter for framifrå forsking (SFF).
Om stillinga
Humanistisk fakultet søker en økonomicontroller innan bevilgningsøkonomien. Har du lyst til å jobbe i et spennande og sosialt miljø med andre økonomar, er dette stillinga for deg. Du får en nøkkelrolle for å legge til rette for økonomistyring, på et av de største fakulteta på Universitet i Oslo.
Ei fast stilling i 100 % som økonomicontroller på bevilgningsøkonomien (seniorrådgivar 1364) er ledig ved økonomiseksjonen på det humanistiske fakultet. Økonomiseksjonen på HF-fakultetet jobbar med økonomistyring, budsjettering, økonomisk rapportering og økonomisk rådgiving for fakultet, institutta og senter. Hos oss jobbar du tett på et internasjonalt og mangfaldig miljø.
Fakultetet gir fellestenester til institutta innanfor verksemdsområda personal/HR, kommunikasjon og økonomi.
Denne stillinga er lagt til fakultetets økonomiseksjon. Økonomicontroller er ein sentral ressurs for arbeidet med oppfølging av bevilgningsøkonomien på det humanistiske fakultet. Oppgåvene omfattar mellom anna generell leiarstøtte, analysearbeid, verksemdsstyring, utarbeiding av strategisk informasjon til leiinga, budsjett- og rapporteringsarbeid, arbeid med fakultetets fordelingsmodell, utvikling av økonomistyring i tillegg til deltaking i ulike prosjekt på UiO både på sentralt og lokalt nivå.
I stillinga vil du bruke mykje tid ut mot institutta og blant anna jobbe tett opp mot den faglege og administrative leiinga ved institutta, men òg ved fakultetet.
Som tilsett vil du møte brukarar med mangfaldige behov, og du må kunne utvikle gode rapportar og kommunisere godt med ulike faggrupper. Du må like å jobbe i team, både fast og på prosjektbasis. Den som blir tilsett, må kunne bidra til den faglege utviklinga i basisgruppa.
Det er viktig med gode analytiske evner i denne stillinga, og det er viktig at man er god til å formidle analyser både i munnleg og i skriftleg form. Praktisk kompetanse innan analyse der man har vært med på å utarbeide analyser basert på verksamdhetsdata som har gitt strategisk grunnlag for beslutningar er ein fordel.
Du vil jobbe med 22 kollegaer på økonomiseksjonen. Økonomifunksjonen ved fakultet er delt i tre faggrupper: basis, prosjekt og rekneskap, der denne stillinga er plassert under basis, men også andre økonomioppgåver ved fakultetet kan bli lagt til stillinga.
Arbeidsoppgåver
vere ansvarleg for økonomisk oppfølging av rammestyrt verksemda, budsjettering og prognosearbeid på kort- og lang sikt ved eitt eller fleire institutt
sikra god dialog med fakultetets institutta
utarbeide strategisk informasjon til leiinga
utarbeidast av analysar som grunnlag for avgjerder
bidra til nytenking og vidareutvikling i organisasjonen på seksjonen sitt fagområde
arbeide med fakultetets fordelingsmodell
gi støtte til økonomisjef
Kvalifikasjonskrav
utdanning tilsvarande masternivå med hovudvekt på økonomiske fag. Relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
erfaring frå legnande arbeidsoppgåver i minimum 5 år
gode analytiske evner og erfaring frå analysearbeid
gode kommunikasjonsevner
gode munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
gode IT-kunnskapar (god Excel-kunnskap og generelt god systemforståing)
det vil bli lagt vekt på om søkaren er godt personleg skikka for stillinga
Vi ser etter søkarar som:
har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
er analytiske, strukturerte og kan formidle økonomiske problemstillingar
er sjølvstendige, initiativrike og løysingsorienterte
du har godt humør og evne til å tåla hektiske periodar
har evne til å arbeide målretta og strukturert
er serviceinnstilte og liker å jobbe med menneske
Vi tilbyr
lønn frå kr 685 000 til kr 750 300 per år, avhengig av kompetanse og erfaring
CV (må fyles ut i portalen til jobbnorge, skal ikkje vedleggas)
Vitnemål og attester
Søknad med vedlegg må sendes via rekrutteringssystemet vårt, jobbnorge.
Når du søker på stillinga, ber vi deg hente utdanningsresultata dine frå Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultata dine ikkje er tilgjengeleg via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopiar av vitnemåla eller karakterutskrifta dine.
Aktuelle søkarar vil bli kalla inn til intervju.
Andre opplysningar
Etter offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
UiO har ein overtakingsavtale for alle tilsette med formål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.
I tillegg ønskjer UiO at medarbeidarane våre i størst mogleg grad speglar mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar difor kvalifiserte søkjarar med redusert funksjonsevne til å søkje stillinga. Som IA-bedrift vil vi leggje til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.