LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Vikariat som universitetslektor (20-40%) i fagområdet utøvande musikk, piano akkompagnement

Søknadsfrist: 23.06.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Griegakademiet – Institutt for musikk, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei midlertidig stilling/vikariat som universitetslektor (20-40 %) i fagområde piano akkompagnement innan utøvande musikk, klassisk for 10 mnd. Tilsetjing er ønska frå 01.08.25. Det kan etter avtale vere aktuelt å dele opp stillinga i to mindre delar som til saman utgjer 40%.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiingsoppgåver på BA og MA studieprogram i Utøvande musikk eller komposisjon. Undervisningsoppgåvene vert knytt til studentar sitt hovudinstrument som omfattar repertoar med piano akkompagnatør. Vi ser etter ein erfaren og fleksibel pianist med stor repertoarkunne, samspillsevne og erfaring med å innstudere og tileigne seg nytt musikalsk repertoar på kort tid. Den som vert tilsett vil få arbeidsoppgåver knytt til akkompagnement av studentar på fleire ulike instrument. Tett samarbeid med hovudinstrumentlærarar er ein føresetnad. Andre undervisningsoppgåver, som til dømes piano biinstrument eller piano bruksinstrument kan verte aktuelt. 

  • Undervisningsoppgåver/akkompagnementsoppgåver på BA og MA 

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.

Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid. 

  • Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet piano/piano akkompagnement
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av søkjaren si utdanning, rettleiings- og undervisningserfaring.

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein fagleg vurderingskomité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og vil og kunne måtte gjennomføre prøveundervisning/prøvespel.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 625 500 – 670 000 kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV.
  • Vitnemål og attestar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
  • Liste over kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga.
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Randi Rolvsjord (Instituttleiar), +47 97514878, randi.rolvsjord@uib.no
Powered by Labrador CMS