Universitetslektor (vikariat, 100 %) – EVU-undervisning ved Institutt for politikk og forvaltning
Søknadsfrist: 30.11.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Universitetslektor
Ved Institutt for politikk og forvaltning, Universitetet i Bergen, er det ledig eit vikariat som universitetslektor knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod (EVU). Stillinga er ei 100% stilling og er i utgangspunktet eit vikariat i eit år. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga snarast mogeleg.Denne stillinga gir eit høve til å bidra i undervisninga og utviklinga av eit viktig EVU-tilbod i samfunnsvitskap ved UiB. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar og vår neste gode kollega!Om stillinga
Institutt for politikk og forvaltning har lange tradisjonar med gjennomføring av oppdragsbaserte kurs retta mot både offentleg og privat sektor. Den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med dei faglege leiarane for EVU/OU-programma, eksterne samarbeidspartnarar, samt ei særeigen gruppe motiverte og høgkompetente studentar.Kurstilbodet består av friståande statsvitskaplege emne med ei organisasjonsteoretisk innretning til studiet av offentleg politikk, offentleg administrasjon og politiske institusjonar. Studentane tek kursa på deltid, og kurstilbodet har både samlingsbaserte og digitale møtepunkt i løpet av semesteret.Stillinga vil hovudsakleg bestå av ein undervisningsdel og ein rettleiingsdel i samband med dei oppdragsbaserte kursa til instituttet. Undervisninga vil vere på bachelor- og masternivå og den som blir tilsett må kunna undervise på eit grunnleggjande nivå innanfor den faglege profilen til instituttet.Her er ei kort beskriving av dei mest aktuelle kursa (andre aktivitetar kan også bli aktuelle):
GOV 606 (Vår 2026): Teknologileiing 1 skal gje ei generell innføring i organisasjon og leiing av verksemder prega av teknologi og som er konkurranseutsett og kundeorientert. https://www.uib.no/gov/38039/gov606-teknologiledelse.
GOV 662 (Haust 2026): Organisasjonsanalyse og metode skal gje deltakarane innsikt i å tileigne seg eit vitskapleg kunnskapsgrunnlag, og kunne bruke dette i eige forskings- og utviklingsarbeid. www.uib.no/gov/152916/gov662-organisasjonsanalyse-og-metode.
Søkjarar til stillinga er tilrådde å gjere seg kjende med undervisningstilbodet, forskingsprofilen og dei gjeldande oppdragsbaserte kursa ved instituttet som gjeld for stillinga, sjå; https://www.uib.no/gov/38154/oppdragsbaserte-kurs
Stillinga har desse hovudoppgåvene:
Planleggje, organisere og følgje opp undervisning og rettleiing knytt til instituttets etter- og vidareutdanningstilbod.
Konkrete oppgåver knytt til undervisning og rettleiing.
Koordinere kursprogram, samarbeide med undervisarar og studentar.
Følgje opp eventuelle vitskaplege assistentar knytt til emna.
Utføre andre oppgåver knytt til undervisningsverksemda ved instituttet.
Den som vert tilsett vil også få avsett om lag 25 % av arbeidstida til FOU-arbeid (forskings- ogutviklingsarbeid) og fagleg oppdatering. Det kan verte endringar i arbeidsoppgåvene.Stillinga vil innebere noko reiseverksemd knytt til samlingar og møte med oppdragsgivarar. Den vil også innebere noko helgearbeid tilknytt samlingar på Teknologileiing (3 samlingar per semester) og nokre webinar på ettermiddagstid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjaren må ha mastergrad i statsvitskap eller anna samfunnsfag med relevans for instituttets og emna sine faglege profilar.
Røynsle med undervisning, utviklingsarbeid og rettleiing er ein føremon, og då særleg med ei organisasjonsteoretisk og statsvitskapleg innretning.
Pedagogisk grunnutdanning vil vere ein føremon.
Kjennskap og erfaring med analyse reformer i offentleg sektor tel positivt.
Ein må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
Evne til å arbeide proaktivt, systematisk og sjølvstendig.
Vi tilbyr:
Eit godt fagleg og sosialt miljø ved eit institutt med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
Fleksibel arbeidstid.
Stilling som universitetslektor (1009) vert løna med årslønn tilsvarande 625 500 – 660 000 i 100 % stilling. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og faglig arbeid).
Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar.
Det kan bli aktuelt med ei kort prøveforelesing.Vi vil leggje stor vekt på at den som vert tilsett er personleg eigna for stillinga. Det er forventa at den som vert tilsett har sitt daglege arbeid ved instituttet og bidrar til den faglege fellesskapen der.Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Søknadsfrist er 30.11.2025 og søknaden skal merkast 25/13736.Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til programansvarleg Dag Runar Jacobsen, dag.jacobsen@uib.no.Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR rådgjevar Gudrun Horvei, gudrun.horvei@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.