LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor innan geovitskap og fagdidaktikk

Søknadsfrist: 03.06.2022

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor innan geovitskap og fagdidaktikk

Ved Institutt for geovitskap er det ledig ei 2-årig mellombels stilling som universitetslektor innan geovitskap og fagdidaktikk. Det kan vere aktuelt å forlenge stillinga med inntil eitt år. Stillinga er knytt til to HKdir-finansierte prosjekt «Nettbasert kurs i bærekraftig utvikling og klimahandling» og «Tiltak for økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning».

Om Instituttet

Det overordna målet for Institutt for geovitskap (GEO) er å utvikle ny kunnskap om jordas struktur, danningshistorie og forståinga av dei drivkreftene som påverkar jordas dynamikk. Forskingsaktivitetane ved GEO er organisert rundt følgjande forskargrupper: Geofysikk, Geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi og Kvartærgeologi og paleoklima. For tida har GEO ein fast vitskapleg stab på 40 tilsette, 33 postdoktorar og forskarar, rundt 55 doktorgradsstipendiatar og ein teknisk/administrativ stab på 38 tilsette. Institutt for geovitskap har ei sentral rolle i UiB sin strategi gjennom sine satsingsområde innan globale utfordringar, særleg når det gjeld klimaendringar og energiomstilling. For å takle dagens og morgondagens samfunnsutfordringar, for eksempel geofarer og knappheit på georessursar, søkjer instituttet å produsere ny kunnskap om dei ulike delane av jordsystemet. Dette gjelder også for den annonserte stillinga som fagleg vil jobbe inn mot tilhøvet mellom ulike prosessar som er aktive på jordas overflate og deira signaturar i geologiske arkiv.

Utdanning spelar ei viktig rolle i å realisere våre ambisjonar, og vi ynskjer å samkøyre undervisningsaktivitetane meir med forskingsfronten gjennom å nytte moderne teknologi og metodikk i heile læreplanen. I 2020 fekk instituttet status som Senter for framifrå utdanning (SFU). Vi fokuserer difor meir og meir på å implementere studentaktive læringsmetodar, samstundes som vi legg til rette for ein kollegial atmosfære der deling og formidling av undervisningspraksis er kjerneverdiar.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er todelt med om lag 50% for kvar del;

Del 1:

  • Vere med å utvikle og drive berekraftskursa SDG613 og SDG313. Her inngår det også arbeid for å styrke interaksjonen og kommunikasjonen mellom UiB og lærarar i geofag.

Del 2:

  • Fagansvar for emnet Geopraksis (GEOV298) og utvikling av dette, saman med ein annan vitskapleg tilsett ved instituttet. Aktuelle arbeidsoppgåver vil vere nettverksbygging, kontakt med arbeidsgjevarar, oppfølging av studentar, samt å jobbe i team med iEarth sin nettverkskoordinator i prosjektrelaterte oppgåver.

Andre relevante arbeidsoppgåver må også påreknast.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå innan geovitskap, klima eller anna relevant fagfelt.
  • Erfaring frå kursutvikling og undervisning er ein føremon.
  • Grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå er ein føremon.
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing er eit krav.
  • Interesse for arbeidslivsrelevans og et ønske om å styrke samarbeidet mellom akademia og arbeidslivet er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Den som blir tilsett, må kunne undervise på norsk.

Personlege eigenskapar

Du må:

  • vere imøtekommande og serviceinnstilt nettverksbyggjer
  • vere kontaktsøkjande og utåtvend
  • vere systematisk og løysingsorientert
  • ha god kommunikasjons- og formidlingsegenskaper
  • vere sjølvgåande og initiativrik

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:

  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 56 -66 (kode 1009/LR25) ) i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida ei årsløn på kr. 507 600 - 604 700 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • liste over eventuelle relevante publikasjonar
  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga
  • dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisningsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Professor Jostein Bakke, Institutt for geovitskap, e-post: Jostein.Bakke@uib.no, tlf. 55 58 35 03 eller til
  • Professor Kerim Hestnes Nisancioglu ved institutt for geovitskap, e-post: kerim@uib.no, tlf. 55 58 98 66

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS