LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor II i italiensk

Søknadsfrist: 04.05.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor II i italiensk

Velkomen som søkjar til ei 20 % åremålsstilling (ekstraerverv – «bistilling») som universitetslektor II i italiensk ved Institutt for framandspråk. Åremålsperioden for stillinga er to år frå tilsetjing. Ønskja oppstartsdato for stillinga er 1. august 2025, eller så snart som mogleg etter dette. 

Eit krav for tilsetjing i bistilling er at ein har ei hovudstilling utanfor Universitetet i Bergen.

Institutt for framandspråk

Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og i spansk språk og latinamerikastudium. 

Italienskfaget har for tida to faste stillingar og har undervising på bachelor- og mastergradnivå. 

Arbeidsoppgåver: 

  • Undervising i italiensk språk på bachelornivå (både fjernundervising og undervising på campus).
  • Sensur av skriftleg og munnleg eksamen. 
  • Andre fagleg-administrative oppgåver.

Undervisningsspråka på faget er italiensk og norsk.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar: 

  • Norsk mastergrad i italiensk eller tilsvarande utdanning frå ein utanlandsk lærestad er eit krav. 
  • Dokumentert relevant utdanningsfagleg kompetanse er eit krav, sjå Regler for vurdering av utdanningsfagleg kompetanse ved UiB. 
  • Utdanning eller undervising på universitets- og høgskulenivå er ein føremon. 
  • Svært gode kunnskapar i munnleg og skriftleg italiensk er eit krav. 
  • Ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 er eit krav.
  • Vitskaplege arbeid utover masteroppgåva er ein føremon.
  • Erfaring med nettbasert undervising er ein føremon.
  • Den som blir tilsett må vere godt personleg eigna for stillinga. Gode samarbeidsevner og motivasjon for oppgåvene i stillinga blir tillagt vekt.

Vi tilbyr:

  • Brutto årsløn på 615 000,- til 655 000,- (kode 1009) i full stilling. Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.
  • Gode velferdsordningar. 

Det er forventa at den tilsette hovudsakleg utfører arbeidet sitt på campus ved Universitetet i Bergen og rettar seg etter dei retningslinene som gjeld for stillinga.

Følg denne lenka for meir informasjon om tilsetjingsprosessen. 

Slik søkjer du stillinga: 

Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. 

Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:

  1. Søknadsbrev.
  2. CV.
  3. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar). 
  4. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisingspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle). 
  5. Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding for eiga undervising.
  6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisingsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).
  7. Eventuelle vitskaplege arbeid (maks 30 sider) og publikasjonsliste.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

Aktuelle kandidatar vil bli inviterte til intervju og eventuelt prøveforelesing.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Fungerande instituttleiar, professor Laura Saetveit Miles på telefon 55 58 22 88 eller epost laura.miles@uib.no, eller til 
  • Fagkoordinator, professor Marco Gargiulo på telefon 55 58 23 47 eller epost marco.gargiulo@uib.no.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder. 

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

SØK STILLINGA

Powered by Labrador CMS