LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor II (20%) i illustrasjon ved Institutt for design

Søknadsfrist: 11.05.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei åremålsstilling for 4 år i ekstraerverv som universitetslektor (20%) i illustrasjon. Tilsetjing etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet illustrasjon. Vi søkjer ein fagleg dyktig illustratør som har ein sterk profil frå praksis i illustrasjon og erfaring innan visuell historieforteljing. Den ideelle søkjaren er ein god formidlar og har god kunnskap og kompetanse i både analoge og digitale verktøy. Erfaring frå arbeid innan karakterutvikling og redaksjonell illustrasjon er ynskeleg. Visuell og konseptuell kompetanse, samt evne til kontekstualisering vil òg bli vektlagt.

Søkjarar må kunne sette illustrasjon inn i ein breiare historisk og sosial kontekst og kunne bidra til å utvikle/styrke illustrasjonsfaget sin relevans og posisjon. 

Den som vert tilsett må kunne dokumentere evne til kritisk refleksjon over faglege prosessar og etiske utfordringar i faget. I tillegg ønsker vi at søkjar har forståing for fagfeltet si betyding for visuell kultur og tverrfagleg samarbeid. 

 Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing hovudsakleg på BA-nivå
  • Ansvar for undervisningsopplegg
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg/designfagleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

  • Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet illustrasjon
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjing. 

Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 612 000 –654 000kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Liste over designfaglege/kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga.
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Ørjan Djønne, tlf.: 92216862 , e-post: Orjan.Djonne@uib.no

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Ørjan Djønne (Fungerande instituttleiar), +47 92216862, Orjan.Djonne@uib.no
Powered by Labrador CMS