LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor II (20%) i grafisk design

Søknadsfrist: 11.05.2025

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei åremålsstilling for 2 år i ekstraerverv som universitetslektor II (20%) i grafisk design. Tilsetjing etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

Vi søkjer etter ein dyktig designar med ein etablert fagleg profil innan grafisk design til undervisning og rettleiing innan fagområdet. Du bør vere ein god formidlar og ein som trivst med å arbeide tett på studentane sin kvardag.

Det er nødvendig å vere godt kjend med både analoge og digitale verktøy. God kompetanse innan typografi og erfaring innan redaksjonell design og visuell identitet er ønskt.

Vi ser etter ein nysgjerrig person med stor interesse for faglege prosessar, tverrfagleg arbeid og etikk i designfaget. Du kan sjå visuell kommunikasjon i ein breiare samfunnskontekst og kan bidra til å styrkje og synleggjere fagområdet.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning og rettleiing hovudsakleg på BA-nivå
  • Ansvar for undervisningsopplegg
  • Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
  • Administrative oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad/hovudfag eller tilsvarande utanlandsk grad innan aktuelt fagområde. Søkjarar må kunne vise til kunstnarleg/designfagleg praksis og relevant erfaring frå undervisningsarbeid.

  • Dokumentert kunstnarleg verksemd eller utviklingsarbeid av eit visst omfang innan fagområdet grafisk design
  • Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse. 

I tillegg vil det bli lagt vekt på:

  • Pedagogiske evner og engasjement.
  • Organisatoriske evner og erfaring.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjing. 

Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.

Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar. 

Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling.
  • Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 612 000 –654 000kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • CV.
  • Vitnemål og attestar.
  • Liste over designfaglege/kunstnarlege produksjonar som har relevans for stillinga.
  • Materiale som dokumenterer kompetanse som universitetslektor
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert. 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • Fungerande instituttleiar Ørjan Djønne, tlf.: 92216862 , e-post: Orjan.Djonne@uib.no

For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på hrkmd@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Spørsmål om stillinga

  • Ørjan Djønne (Fungerande instituttleiar), 0047 92216862., Orjan.Djonne@uib.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS