Universitetslektor i russisk språk – mellombels tilsetjing (25%)
Søknadsfrist: 29.06.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor i russisk språk
Velkomen som søkjar til ei mellombels 25 prosent stilling som universitetslektor i russisk språk ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen (UiB). Stillinga har varigheit frå 1. august 2025 til 30. juni 2026.
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og mellombels tilsette i kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har 3,25 fast tilsette.
Undervisningstilbodet på russisk strekkjer seg frå innføringsnivå til master- og ph.d.-studium.
Arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett, skal undervise i russisk språk på alle nivå, med hovudvekt på bachelornivå. Arbeidsoppgåvene omfattar førelesingar og seminarundervisning i språkvitskap, omsetjing og praktisk skriftleg og munnleg russisk.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande utanlandsk grad innan russisk.
Søkjar må ha svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg russisk og norsk,
Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande er ein føremon.
Erfaring frå å undervise i russisk som framandspråk på ulike nivå, særleg innføringsnivå, er ein stor føremon.
Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga vil bli positivt vektlagt.
Evne til å kombinere sjølvstende og samarbeid, og til å engasjere studentar, blir lagt stor vekt på.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Den som blir tilsett må retta seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Bruttoårsløn på kr 625 500 – 665 500 (kode 1009). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Gode velferdsordningar.
Slik søkjer du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.
Søknaden skal innehalde:
Søknadsbrev.
CV.
Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar).
Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding for eiga undervisning.
Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).
Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fagkoordinator førsteamanuensis Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller epost: brita.bryn@uib.no, eller til
Instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller epost martin.paulsen@uib.no
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.