Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor i russisk språk – 50 prosent mellombels tilsetjing
Velkomen som søkjar til ei ledig 50 % stilling som universitetslektor frå 1. januar 2025 til 30. juni 2026 ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen (UiB). Den som blir tilsett, skal undervise i russisk språk.
Institutt for framandspråk (IF) har rundt seksti fast vitskapleg tilsette, kring tjue ph.d.-stipendiatar og postdoktorar, elleve administrativt tilsette, og dessutan mellombels tilsette i meir kortvarige engasjement. Instituttet tilbyr studieprogram i arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk, spansk språk og latinamerikastudium. Russiskfaget har 3,25 fast tilsette.
Undervisningstilbodet på russisk strekkjer seg frå innføringsnivå til master- og ph.d.-studium.
Arbeidsoppgåver:
Den som blir tilsett, skal primært undervise i russisk språk. Undervisninga er i all hovudsak på bachelornivå og vil femne om førelesingar, seminar- og gruppeundervisning, vurdering av oppgåver/obligatoriske aktivitetar, rettleiing og vurdering av eksamen (sensur).
Tilsetjing i stillinga krev at ein har arbeidsplass ved Universitetet i Bergen tilsvarande stillingsprosenten.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Ved tilsetjing legg instituttet vekt på følgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:
Svært gode kunnskapar i skriftleg og munnleg russisk er eit krav. Morsmålskompetanse er ein stor føremon.
Mastergrad i russisk frå ein norsk lærestad, eller tilsvarande utdanning frå ein utanlandsk lærestad, er eit krav.
Praktisk-pedagogisk utdanning eller tilsvarande er ein føremon.
Gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg er ein føremon.
Erfaring frå å undervise i russisk som framandspråk på ulike nivå, særleg innføringsnivå, er ein føremon.
Erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga vil vera positivt.
Evne til å kombinere sjølvstende og samarbeid, og til å engasjere studentar, blir lagt stor vekt på.
Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
Løn etter lønssteg 61-65 (kode 1009) for stilling som universitetslektor. For tida svarar dette til mellom 594 500 og 635 400,- kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.
Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
Søknaden skal sendast elektronisk via link på denne sida «SØK PÅ JOBBEN».
Dette må følgje søknaden:
1. Søknadsbrev.
2. CV.
3. Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).
4. Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna originalar eller stadfeste kopiar).
5. Eventuelle evalueringsrapportar eller annan tilbakemelding for eiga undervisning.
6. Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar (her vil det vere særleg relevant med personar som kan vurdere undervisningsarbeid og pedagogiske kvalifikasjonar).
7. Liste over eventuelle vitskaplege publikasjonar.
Søknad og vedlegg må lastast opp i Jobbnorge i Word- eller pdf-format. Dokumenta må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk, eventuelt attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Fagkoordinator førsteamanuensis Brita Lotsberg Bryn på telefon 55 58 29 91 eller epost: brita.bryn@uib.no, eller til
Instituttleiar Martin Paulsen på telefon 55 58 23 86 eller epost martin.paulsen@uib.no
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Spørsmål om den elektroniske søkjeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.