LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor i norsk som andrespråk

Søknadsfrist: 15.08.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor i norsk som andrespråk (Norskkursa)

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast 100 % stilling som universitetslektor i norsk som andrespråk frå 1. januar 2022. Universitetslektoren skal undervise utanlandske studentar og tilsette ved UiB i munnleg og skriftleg norsk innanfor rammene av Norskkursa.

Norskkursa ved LLE har for tida 14 fast tilsette universitetslektorar og har eit nært samarbeid med dei som arbeider i vitskaplege stillingar med norsk som andrespråk som ordinært studietilbod. Det blir gitt undervisning på ulike nivå, frå nybegynnarkurs til kurs med meir fokus på akademisk skriving. Undervisningsspråket er norsk. Norskkursa gir også ei innføring i norsk kultur og samfunnsliv. I tillegg til undervisning kjem eksamensarbeid (sensurering, utarbeiding av eksamensoppgåver og plasseringsprøver) og anna undervisningsrelatert arbeid. Ved Norskkursa arbeider ein også med å utvikle ulike nettbaserte læringstilbod.

Stillingsomtale

I stillinga ligg det 75 % undervisning og undervisningsrelatert arbeid, 15 % forsking og utviklingsarbeid og 10 % administrasjon. Delar av undervisninga kan bli lagt til sein ettermiddag eller kveld. Det kan òg bli aktuelt med undervisning i delar av sommaren. Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til fagkoordinator Ilka Wunderlich, Norskkursa ved LLE, tlf.: 55 58 48 31 eller e-post: ilka.wunderlich@uib.no.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som blir tilsett også bli pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett som universitetslektor, må ha norsk mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning i norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur eller tilsvarande. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT). Dokumentasjon av utanlandsk utdanning vil kunne bli sendt til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

Ved vurdering av søkjarar vil det vidare bli lagt vekt på dokumentert kompetanse i norsk som andrespråk. Dessutan må søkjarar ha morsmålskompetanse eller tilnærma morsmålskompetanse i norsk og kunne dokumentere kompetanse i både bokmål og nynorsk. Språkkompetansen vil i tillegg til innsendt dokumentasjon bli vurdert under praktisk prøve og intervju.

Då dette først og fremst er ei undervisningsstilling, blir det lagt spesielt vekt på erfaring frå undervisning i norsk som andrespråk/framandspråk, særleg på universitets- og høgskulenivå. Andre relevante kvalifikasjonar er pedagogisk utviklingsarbeid, erfaring frå digital undervisning og vitskapleg arbeid i fagfeltet norsk som andrespråk.

Ein vil ved tilsetjing leggje vekt på at søkjarane er skikka til å drive undervisningsarbeid.

Aktuelle kandidatar må rekne med å bli kalla inn til praktisk prøve og intervju. Det blir stilt krav om pedagogisk basisutdanning i stillinga. Søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga, får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter dato for tilsetjing.

Vi kan tilby

  • Løn etter lønssteg 56-64 (kode 1009/LR25) etter tenesteansiennitet. For tida svarar dette til mellom 507 200 og 583 100 kroner årleg i full stilling før skatt. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn
  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)Gode velferdsordningar

Slik søkjer du stillinga

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida ”Søk stillinga”.

Søknaden skal innehalde ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga.

Dette må følgje søknaden:

  • CV
  • Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar (skanna versjon)
  • Namn og kontaktinformasjon på tre referansar
  • Dokumentasjon på pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis, utviklingsarbeid, mottekne prisar eller anna pedagogisk røynsle), undervisningsopplegg og/eller evalueringar
  • Publikasjonsliste
  • Inntil fem relevante vitskaplege eller pedagogiske skriftlege arbeid

Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS