Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Institutt for klinisk psykologi, Det psykologiske fakultet har ledig inntil 10 faste stillingar som universitetslektor i klinisk psykologi (20 - 40 %)
Instituttet har forsking og undervising innanfor kjerneområda i klinisk psykologi. Desse er grunnlaget når psykologar utøver yrket sitt i helsevesenet, innanfor både spesialisthelseteneste, førstelinje og lågterskeltilbod. Instituttet si forsking og kompetanse omfattar utgreiing og behandling av eit breitt spekter av psykiske lidingar. Instituttet skal utvikle og formidle kunnskap innanfor dei sentrale områda i evidensbasert, psykologisk behandling. Vidare har instituttet kompetanse om korleis ein kan gje slik behandling til alle aldersgrupper og innanfor ei breidde av sosiokulturelle kontekstar.
Ved Institutt for klinisk psykologi er det ein opplæringsklinikk som gjev studentane i profesjonsstudiet i psykologi opplæring i grunnleggande kliniske ferdigheiter som psykolog. Behandling gjennomførast av psykologistudentar under rettleiing av psykologspesialist. Klinikken har over fleire tiår knytt til seg rettleiarar i førebels 20 % stillingar. Vi ønsker no å prøve ut ein modell der fleire av desse stillingane lysast ut som faste, i stillingsprosentar mellom 20 til 40 %.
Vi leitar etter psykologspesialistar med engasjement for utdanning av framtidas psykologar. Som universitetslektor ved Institutt for klinisk psykologi vil du jobbe tett og klinikknært med opplæring av studentar i klinisk psykologi. Hovudvekta av arbeidet i stillinga vil innebere opplæring og rettleiing av studentar i det å utgreie, planleggje og gjennomføre psykologisk behandling. Den som verte tilsett vil vere sentral i studentanes utvikling som psykologar, og vil rettleie studentane gjennom deira internkliniske praksis. Vi har eit arbeidsmiljø som er prega av stor individuell friheit, og oppgåvene blir løyst gjennom samarbeid og dialog.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga er knytt til undervising ved Institutt for klinisk psykologi, med spesielt knytt til ei av behandlingsseksjonane ved Psykologisk universitetspoliklinikk: Seksjon for barn og ungdom I og II, Seksjon for unge og vaksne eller Seksjon for vaksne og eldre.
Konkrete arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
rettleiing av studentar innanfor internklinisk opplæring. Her inngår også direkte pasientkontakt
deltaking i seksjonsmøter, rettleiarmøter og kasuspresentasjonar
ivareta og vidareutvikle Psykologisk universitetspoliklinikk sitt kvalitetssikringssystem
delta på og vere med å utvikle forskingsprosjekt knytt til Psykologisk universitetspoliklinikk
oppgåverettleiing og sensur på instituttet sine undervisingsemne
undervising i klinisk psykologi
administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha autorisasjon som psykolog i Noreg eller fylle krava til slik autorisasjon på søknadstidspunktet
søkjar må vere ferdig utdanna psykologspesialist eller ha tilsvarande praksiserfaring og kompetanse på søknadstidspunktet.
erfaring frå spesialisthelsetenesta vil bli vektlagt
erfaring frå rettleiing av studentar i klinisk praksis og rettleiing av psykologar i spesialisering vil verte vektlagt. Annan rettleiarutdanning og relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervising vil óg vege tungt.
søkjer må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert
søkjar må ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og må samarbeide godt med både kollegaer og studentar
søkjar må meistre norsk munnleg og skriftleg
tilsetjing forutsett framlagd vandelsattest frå politiet utan
Krav for tilsetjing i stilling som universitetslektor går fram av forskrift om tilsetjing og opprykk i undervisings- og forskarstillingar § 1-6. Forskrifta kan du lese her.
Tilsetjing skjer med atterhald om endringar i fagområde og arbeidsoppgåver som arbeidsgjevar måtte bestemme.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Universitetslektor/psykologspesialist (kode 1009) får ei bruttolønn frå kr 692 400 - til kr 759 100 (svarar til lønssteg 70 -75)
Liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurderte med den informasjon og dei vedlegg som er lagt inn i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Instituttleiar Reidar Jakobsen, +47 55 58 86 88
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.