Universitetslektor (20% ekstraerverv) i allmennmedisin (sjukeheimsmedisin)
Søknadsfrist: 04.06.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor (20 % ekstraerverv) i allmennmedisin (sjukeheimsmedisin)
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS) er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % ekstraverv) i allmennmedisin (sjukeheimsmedisin) for en periode på fire (4) år. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) som lege i Bergen kommune, knytt til sjukeheim eller eldremedisin.
Stillinga er plassert i Fagområde for allmennmedisin (FAM). FAM har rundt 14 fast tilsette i tillegg til fleire bistillingar og stipendiatar. IGS er lokalisert i eit flott nybygg i Alrek helseklynge på Årstadvollen. Alrek helseklynge arbeider med forsking, innovasjon og undervisning retta mot kommunane, der tverrprofesjonelt samarbeid er ein viktig del. IGS sin nye forskings- og innovasjonsstrategi er basert på samarbeidet i Alrek helseklynge.
Vi søkjer ein lege som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning med vekt på eldremedisin i kommunal helseteneste og på praksisutdanning i sjukeheimar. Stillinga skal styrke utdanninga i primærmedisin i legeutdanninga ved fakultetet gjennom det nye studieprogrammet Vestlandslegen.
Arbeidsplassen vil formelt vere ved IGS, men i praksis knytt til undervisning ved kommunale einingar. Den tilsette vil også delta på stabsmøter ved instituttet.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett skal undervise og rettleie studentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det er også mogeleg å delta i forskingsprosjekt.
Undervisningsplikta i stillinga er primært knytt til undervisning og praksisutdanning for legestudentar i regi av Fagområde for allmennmedisin, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa god kvalitet med omsyn til undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sine faglege aktivitetar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må vere utdanna lege og ha særs god kjennskap til arbeid som sjukeheimslækjar.
Spesialitet i allmennmedisin er ein føremon, men andre spesialitetar kan og vere relevante.
Det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling.
Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid og evne til å skape nettverk.
Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn er for tida kr 615 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Øystein Hetlevik (Fagområdet for allmennmedisin), oystein.hetlevik@uib.no, tlf. 90077175
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.