LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20% ekstraerverv bistilling) i medisin (praksiskoordinator)

Søknadsfrist: 04.11.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Praksiskoordinator, Universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling»)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig åremålsstilling som praksiskoordinator/ universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Helse Bergen Vi søkjer ein medarbeidar som vil bidra til å finne gode løysingar for å ivareta studentar som skal ha medisinsk og kirurgisk praksis i Bergen og setje kliniske avdelingar i stand til å ha studentar i praksis

Arbeidsoppgåver:

Stillinga inneheld mellom anna desse oppgåvene: 

  • Ivareta dialog med avdelingar om å ha studentar i praksis. 
  • Samarbeide med administrativt personell om logistikk i fordeling av studentar. 
  • Sikre at det blir utarbeidd ein plan (vekeplan) for kven studentane skal vere med når dei er på avdeling og kva oppgåver/arenaer som er tilgjengelege ved kvar avdeling. 
  • Bidra til ein plan for at studentane kan få dedikerte oppgåver i avdelingane relatert til det faglege nivået dei er på i si utdanning. 
  • Samarbeide med avdelingane om å få på plass praksisrettleiarar for studentane på alle avdelingar som skal ha studentar i praksis. 
  • Samarbeid med avdelingane om å utvikle og fremje former for merittering av rolla som praksisrettleiar. 
  • Samle praksisrettleiarar på tvers av avdelingar og bidra i opplæringa. 
  • Ha faste møtepunkt med studentar som er i praksis og gi eventuelle tilbakemeldingar til avdelingane. 

    Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppa for 8. semester i medisinstudiet, og vil få ansvar for å organisere praksis for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen på medisinske og kirurgiske avdelingar ved Haukeland universitetssjukehus.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse 
  • Det er eit ynskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for rettleiing og oppfølging av studentar i praksis 
  • Det er eit ynskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring 
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid 
  • Søkjar må ha god skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk.

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling 
  • Løn er for tida kr 594 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 61-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga 
  • CV 
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon) 
  • Dokumentasjon på eventuell utdanningsfagleg kompetanse

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS