LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (samfunnsmedisin)

Søknadsfrist: 20.03.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (samfunnsmedisin)

Ved Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % stilling) i medisin (samfunnsmedisin) for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Fagområde for samfunnsmedisin, arbeids- og miljømedisin (SAMLET). Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (min. 50 %) utanfor Universitetet i Bergen. Arbeidsstaden er ved Alrek Helseklynge.

Stillinga er del av Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen sitt arbeid med å styrke legeutdanninga gjennom studieprogrammet Vestlandslegen, der ein vil auke praksis i primærhelsetenesta med fire veker. Arbeidet er under utvikling, men vil ha ein viktig komponent inn mot skole- og helsestasjonsarbeid i kommunane.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra til utveksling av kompetanse mellom universitetet og praksisfeltet i samfunnsmedisin.
  • Vere eit bindeledd mellom universitetet og kommunen og ha delansvar for å planlegge og utvikle praksis for medisinstudentar på helsestasjon og i skolehelseteneste.
  • Bidra i undervisning i samfunnsmedisin på profesjonsstudiet i medisin, særskilt inn mot praksis i primærhelsetenesta, og med vekt på førebyggjande arbeid hos born.
  • Delta i andre oppgåver og plikter jamfør fagområdets satsingar.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha medisinsk profesjonsutdanning som lege
  • Søkjar må ha er erfaring frå helsestasjons- og skolehelseteneste
  • Søkjar må ha eit stort nettverk innan praksisfeltet, i Universitetet sitt nærområde
  • Det vil vere ein fordel med spesialistkompetanse i ein relevant spesialitet, eller vere under utdanning til dette
  • Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg. Undervisningsspråket er norsk og dette er også svært viktig i dialogen med praksisfeltet. Det vert kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar, evne til å utvikle nettverk og dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Det vert lagt vekt på dokumentert relevant forskings-, undervisnings- og praksiserfaring
  • Hovudstilling må vere relevant for den utlyste stillinga

Det er positivt om søkjar fyller krav til pedagogisk basiskompetanse Sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring.

Vi tilbyr:

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009/lønssteg 60-66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • dokumentasjon av utdanning og relevante attestar
  • vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar samt ei liste over desse
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • publikasjonsliste

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS