Universitetslektor (2 x10 %, vikariat) - Det medisinske fakultet
Søknadsfrist: 04.10.2020
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Arbeidsoppgåver:
Delansvar for utforming av og undervisning/rettleiing i radiologi for medisinstudentar frå UiB som har praksisopphald i Haugesund
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
søkjar må ha medisinsk emnbetseksamen
det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
løn frå lønssteg 52-64 etter tenesteansiennitet (kode 1009/lønsramme 25.6), for tida kr 464 000 - 573 100 brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
to referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
fullstendig publikasjonsliste
vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Bjørn Egil Vikse e-post bjorn.vikse@uib.no eller telefon 52 73 25 47 / 99 25 00 64
Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.