Universitetslektor (2 x 20% bistilling) i odontologi (pedodonti) ved Inst for klinisk odontologi
Søknadsfrist: 28.01.2024
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Universitetslektor
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for klinisk odontologi, er det ledig to åremålsstillingar som universitetslektor (20 % bistilling) i odontologi (pedodonti) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillingane er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) ved Tannhelsekompetansesenteret, Vestland fylkeskommune eller ved Haukeland universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Institutt for klinisk odontologi, Seksjon for pedodonti, Årstadveien 19, Bergen.
Vi søkjar ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.
Arbeidsoppgåver:
Forelesningar for grunnutdanningar (bachelor i tannpleie og master i odontologi), kvalifiseringskandidatar og spesialistutdanning ved instituttet
Planlegge og gjennomføre seminar ved fagseksjonen
Rettleiing av skriftlege arbeider på bachelor, master og spesialistnivå
Planlegge og gjennomføre eksamenar ved fagseksjonen
Medverking i forskingsoppgåver ved instituttet
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha norsk autorisasjon som tannlege og godkjent spesialitet i faget pedodonti
Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og engasjement og interesse for undervisning
Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring og erfaring med populærvitskapleg formidling
Det ønskjeleg at søkjar har tilknyting til eit av dei regionale odontologiske kompetansesentera
Det er vidare eit ønskje om doktorgrad i faget, men ikkje eit absolutt krav
Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Athanasia Bletsa, e-post: nancy.bletsa@uib.no, mobil 958 73 176 eller
Instituttleiar professor Asgeir Bårdsen, e-post: asgeir.bardsen@uib.no, mobil: 928 91 090
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar utvidar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.