Praksiskoordinator / universitetslektor i medisin (pediatri og gynekologi / obstetrikk)
Søknadsfrist: 05.05.2025
Publisert
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Praksiskoordinator/Universitetslektor
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig åremålsstilling som praksiskoordinator/universitetslektor (20 % ekstraerverv «bistilling») i medisin (pediatri og gynekologi/obstetrikk) for ein periode på tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast hovudstilling (min. 50 %) ved Kvinneklinikken eller Barne- og Ungdomsklinikken i Helse Bergen. Arbeidsstad er Glassblokkene ved Haukeland universitetssykehus.
Vi søkjer ein medarbeidar som vil bidra til å finne gode løsninger for å ivareta studentar som skal ha praksis i pediatri og gynekologi/obstetrikk i Bergen og setje kliniske miljø i stand til å ha studentar i praksis.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga inneheld mellom anna desse oppgåvene:
Ivareta dialog med sjukehusavdelingar og primærhelseteneste om å ha studentar i praksis
Samarbeide med administrativt personell om logistikk i fordeling av studentar
Sikre at det vert utarbeidd ein plan (vekeplan) for kven studentane skal vere med når dei er i praksis og kva oppgåver/arenaer som er tilgjengelege ved kvar praksisarena
Bidra til ein plan for at studentane kan få dedikerte oppgåver på praksisarenaene relatert til det faglege nivået dei er på i si utdanning
Samarbeide med kliniske miljø om å få på plass praksisrettleiarar for studentane på alle praksisarenaer som skal ha studentar i praksis
Samarbeid med kliniske miljø om å utvikle og fremje former for merittering av rolla som praksisrettleiar
Samle praksisrettleiarar på tvers av kliniske miljø og bidra i opplæringa
Ha faste møtepunkt med studentar som er i praksis og gje eventuelle tilbakemeldingar til praksisarenaene
Den som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppe og semesterstyre for 9. semester i medisinstudiet, og vil få ansvar for å organisere praksis for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen på praksisarenaer innen pediatri og gynekologi/obstetrikk i Helse Bergen og tilliggjande område.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha
norsk cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse
spesialutdanning i pediatri eller gynekologi/obstetrikk
Vidare er det ønskjeleg at søkjar har
brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
Løn er for tida kr 615 000 – 680 000 (kode 1009) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
CV
Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
To referansar (namn og kontaktinformasjon)
Dersom du driv forsking legg du og ved:
Fullstendig publikasjonsliste
Vitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-format
Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Undervisningsleiar ved Klinisk institutt 2, professor Camilla Tøndel, camilla.tondel@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.