Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Universitetslektor i informasjonsvitskap

Søknadsfrist: 10.08.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Institutt for informasjons- og medievitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei midlertidig 100 % stilling som universitetslektor i informasjonsvitskap for eit år med snarleg tiltreding. Stillinga er knytt til EVU – Etter og vidareutdanning ved Universitetet i Bergen.

Arbeidsoppgåver:

Stillinga er i hovudsak tillagt undervisning og innretta mot informasjonsvitskap med følgjande hovudoppgåver:

  • Utvikle og gjennomføre eit nettbasert grunnkurs i programmering for ikkje-spesialistar (10 studiepoeng)
  • Undervising og rettleiing av studentar utafor vanleg arbeidstid (ca. 30 studentar)
  • Delta i fagleg koordineringsgruppe

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett må ha:

  • Mastergrad innan informasjonsvitskap, informatikk eller tilsvarande kompetanse
  • Undervisningserfaring i Python-programmering
  • Kjennskap til plattformar og teknologi for undervisning på nett
  • Det vil være ein føremon å kunne undervisa på norsk

Vi tilbyr:

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
  • Årsløn for universitetslektor er 52- 60 (kode 1009/LR25 i statens regulativ) tilsvarande NOK 464 000– 532 400. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • Gode trenings- og velferdstilbod
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Følgjebrev
  • CV (fullstendig oversikt over utdanning, praksis og fagleg arbeid)
  • Godkjente kopiar av vitnemål, attester og pedagogiske kvalifikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

På bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkyndige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Tilsetjing går føre seg på grunnlag av innstilling av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og prøving av undervisningskompetanse.

Søknaden skal merkast: 20/7495

Søknadsfrist er 10. august 2020

Søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte.

Til informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn vert oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette. Universitetet i Bergen nyttar prinsippet om meir offentleg innsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS