LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Universitetslektor (15% fast) i pedagogikk og psykologi ved Institutt for klinisk odontologi

Søknadsfrist: 17.12.2024

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Universitetslektor

Ved Det medisinske fakultet, Forebyggende tannpleie/Tannpleiarutdanninga ved Seksjon for forebyggande tannhelse, gerodontologi og samfunnsodontologi (FGS) ved Institutt for klinisk odontologi, er det ledig ei fast 15 % stilling som universitetslektor i emnet pedagogikk og psykologi. Det er ønskeleg med snarleg start i stillinga og arbeidstida må avtalast med nærmaste leiar.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning i emnet i form av forelesningsseminar/drøftingar, gruppearbeid og øvingar gjennom vår- og haust-semesteret med avsluttande eksamensarbeid
  • Timeplanarbeid og noko fagadministrasjon må påreknast 
  • Emneansvar for utforming av og undervisning i TPBAPED/PSY for 32 tannpleier studentar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad i pedagogikk eller psykologi med relevans for helsefag
  • Det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning
  • Det er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samt erfaring med populærvitskapleg formidling
  • Det vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid
  • Det er eit ønskje at søkjar har erfaring med klinisk undervisning av tannpleierstudentar.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

Vi tilbyr:

  • Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn er for tida kr 594 500 (kode 1009, lønssteg 61) butto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
  • Karakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestar
  • Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse 
  • To referansar (namn og kontaktinformasjon)

Dersom du driv forsking legg du og ved:

  • Fullstendig publikasjonsliste
  • Vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf format 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Leiar for seksjon for FGS, professor Kristin S. Klock, tlf. 55 58 65 96, e-post: kristin.klock@uib.no

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Kristin S. Klock (Professor), 55 58 65 96, kristin.klock@uib.no
Powered by Labrador CMS