Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har en ledig spennende stilling!

Forskningsleiar

Søknadsfrist: 01.04.2020

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter ligg i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det er kort veg til skule/barnehage og butikk. Vi er sam-lokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen United World College og elevane representerer eit stort mangfald på campus. Senteret ligg flott til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Totalt har vi 74 årsverk og nærare 100 tilsette. Vi er godkjent som gruppe 2- institusjon for spesialiteten fysikalsk medisin og rehabilitering og har totalt fire legestillingar. Verdiane vi jobbar etter er respekt og likeverd og vi er opptatt av å ha eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane. Som tilsett hjå oss er du del av eit breitt tverrfagleg fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.

Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om både dag- og døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og/eller individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Totalt er det kring 1300 pasientar til rehabilitering kvart år.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har som mål å auke sin forskingsaktivitet og søker nå etter forskingsleiar. Vi ser etter ein person som ønsker å vere med å bidra til utvikling og som evner å skape interesse og engasjement. Forskingsleiaren vil vere ein del av leiargruppa.

Arbeidsoppgåver:

  • Bidra strategisk og operativt med utvikling av senteret sin forskingsaktivitet
  • Initiere og rettleie forsking internt
  • Delta i forskingsgrupper både internt og eksternt
  • Utvikle og vedlikehalde gode relasjonar overfor relevante forskingsnettverk
  • Bidra til ekstern forskingsfinansiering

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning på PhD nivå eller oppnådd førstekompetanse
  • Erfaring eller interesse innan helseforsking
  • Erfaring med forskingsleiing, inkludert prosjektleiing
  • God munnleg og skriftelg framstillingsevne ( norsk eller anna skandinavisk språk og engelsk)

Personlege eigenskapar:

Vi søker etter deg som er fleksibel og løysingsorientert. Du liker å oppnå resultat og har evne til å initiere ny aktivitet og motivere til deltaking. Vi ønsker ein person som evner å bygge gode relasjoner både eksternt og internt.

Vi tilbyr:

  • Ein kunnskapsrik organisasjon med engasjerte og utviklingsorienterte medarbeidarar
  • Eit fagleg og godt arbeidsmiljø
  • Gode lønns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode velferd- pensjon- og forsikringsordningar
  • Hjelp med bustad

Oppstart: Vi kan vere fleksible i høve tidspunkt for oppstart og stillingsprosent

Søknad merkast: Forskingsleiar

Kontaktperson:

  • Thor Grane, personalleiarTelefon: 577 37 107

Søknad med CV, attestar og vitnemål sendast til: ledigstilling@rkhr.no

Søk på stillinga

Send mail til ledigstilling@rkhr.no

Powered by Labrador CMS