Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Studiesjef (seksjonssjef) ved Fakultet for kunst, musikk og design

Søknadsfrist: 21.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seksjonssjef

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei fast stilling som studiesjef (seksjonssjef).

Som studiesjef vil du jobbe med fakultetets utdanningstilbod, og frå bachelornivå til ph.d.-nivå i eit spennande og utviklande miljø. Studiesjefen er dagleg leiar av studieseksjonen og har fakultetsdirektøren som næraste overordna. Studiesjefen samarbeider tett med den faglege leiinga.

Fakultetet har nyleg evaluert den administrative bemanningsplanen, og etableringa av stillinga som studiesjef er ei oppfølging av denne.

Studieadministrasjonen har blant anna ansvar for fakultetet si studieportefølje, oppgåver knytt til koordinering, samordning på tvers av institutta, koordinering av rettleiing, forskarutdanning, internasjonalisering, studiekvalitet og studentrekruttering. Seksjonen har ei pådrivarrolle for studieadministrativt utviklingsarbeid på fakultetet. Seksjonen jobbar med å utvikle og implementere system og arbeidsmåtar/-flyt og yte direkte bistand til leiing, andre einingar i fakultetet og ved UiB.

For meir informasjon om fakultetet og våre studieprogram sjå:

https://kmd.uib.no/no/forside

Arbeidsoppgåver er blant anna:

- Personalansvar for medarbeidarane i seksjonen

- Resultatansvar for det studieadministrative feltet

- Dagleg drift og tilrettelegging for effektiv og kvalitetssikra sakshandsaming

- Samordne dei studieadministrative funksjonane ved fakultetet og sikre godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar

- Bidra til å effektivisere dei studieadministrative arbeidsprosessane, mellom anna ved auka bruk av digitale løysingar

- Prosjektleiing, koordinering, utgreiings- og utviklingsoppgåver, strategi- og planarbeid

- Rådgjeving i studieadministrative spørsmål

- Koordinere fakultetet sitt arbeid med læringsmiljø

- Ansvar for oppfølging av studiekvalitetsprosessar

Seksjonens sitt arbeid er i stor grad knytt direkte opp mot fakultetets faglege verksemd og du må ha interesse for og evne til å samarbeide godt med leiarar og fagleg tilsette.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

- Gode leiareigenskapar og relevant leiarerfaring

- Høgare utdanning på masternivå, gjerne innan samfunnsvitskaplege fagog(/eller) eit av fakultetet sine fagområder

- Arbeidserfaring frå fakultetets fagområder, gjerne med spisskompetanse på eit av områda

- God kjennskap til, og erfaring frå fagfeltet og UH sektoren- God kjennskap til offentleg forvalting og universitets- og høgskulesystemet- Erfaring med omstillings- og endringsleiing- Erfaring med forskningsadministrasjon

- Gode kommunikasjonsevner og god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk.

- God IKT-kompetanse, og kunnskap om relevante digitale verkty for verksemda

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi ønskjer ein seksjonsleiar som har:

- God organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskap og strategisk- Analytiske evner, strukturert arbeidsform og gjennomføringsevne- Ein motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog

- Evne til å ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement

- Evne til å leie prosessar med fokus på mål, framdrift og resultat

- Evne til å skape eit godt samspel på tvers av faglege og organisatoriske grenser

- Stor arbeidskapasitet og effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil

Vi tilbyr:

Utviklande leiaroppgåver og gode moglegheiter til å vidareutvikle teamet og si eiga rolle som leiar

- Eit aktivt, godt og inkluderande arbeidsmiljø

-Dyktige kollegaer

- Vidareutvikling og kompetanseheving

- Løn som seksjonssjef (kode 1211) i lønssteg 73-78 etter tenesteansiennitet og kvalifikasjonar.

Dette utgjer for tida kr. 679 000 – 765 100. For særskilt kvalifiserte kan ein vurdere høgare løn

- Medlemsskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

-Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, eli.hoie@uib.no eller telefon 95198327

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS