UNIVERSITETET I BERGEN har en ledig spennende stilling!
Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design
Søknadsfrist: 30.04.2021
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsdirektøren er øvste leiar av den administrative verksemd ved universitetet. Direktøren er tilsett på åremål av universitetsstyret, og er sekretær for styret. Universitetsdirektøren sitt kontor omfattar Sekretariat for universitetsledelsen og Holbergprisens sekretariat.
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Dekan ved Fakultet for kunst, musikk og design
Ved Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig stilling som dekan (åremålstilsetting) for perioden 01.08.21 til 31.07.2025
Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) driv utdanning, kunstnarisk utviklingsarbeid, vitskapeleg forsking og formidling. Fakultetet utdannar framtidas kunstnarar, designarar, utøvande musikarar, komponistar, musikkterapeutar, musikkvitarar, kuratorar, musikk- og kunstpedagogar.
Fakultetet har ca 200 tilsette, fordelt på tre institutt og sentraliserte tenester på fakultetsnivå. Fakultetet har ca 620 studentar fordelt på bachelor- og masternivå og 25 ph.d. kandidatar. Totalbudsjettet til fakultetet er i 2020 på om lag 190 millionar. For nærare informasjon om KMD sjå.
Dekanen er den øvste leiaren ved fakultetet med ansvar for fakultetet si samla verksemd og representerer fakultetet eksternt. Dekanen rapporterer til rektor og er med i rektor si leiargruppa. Dekanen er ansvarleg for fakultetet si samla ressursforvaltning, har budsjettansvar og det overordna HMS-ansvaret for fakultet sine tilsette.
Arbeidsoppgåver:
utvikle og implementere fakultet si verksemd i tråd med UiB sin strategi
bidra i det strategiske arbeidet ved universitetet og sørgje for at fakultetet har oppdaterte strategiar og handlingsplanar
leie og utvikle den samla verksemda ved fakultetet med vekt på kvalitet i undervisning, kunstnarisk utviklingsarbeid, vitskapleg forsking, formidling og innovasjon
vere sekretær for fakultetsstyret og førebu saker i samråd med ekstern styreleiar
vidareutvikle ein positiv organisasjonskultur og struktur som stimulerer til eit inspirerande og godt arbeidsmiljø for alle tilsette
ha god kontakt med instituttleiar og fagmiljøa ved fakultetet
representere arbeidsgjevar, sikre involverande prosesser og ivareta medbestemming
fremje mangfold, likestilling og inkludering
sørgje for at tekniske og administrative tenester er tilpassa kjerneverksemda og effektiv drift
fremje internt og eksternt samarbeid
KMD søkjer ein person som har:
Leiarerfaring frå universitets- og høgskulesektoren og overordna innsikt i sektorens strategiske utfordringar
Dokumenterte resultat frå sitt leiarskap
Kompetanse på professornivå innanfor eit av fagområda ved fakultetet
Erfaring frå økonomistyring
Ein inkluderande og tydeleg leiarstil prega av dialog
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr:
Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
Dekanen vert tilsett i åremål i fire år, frå 1. august 2021 eller etter avtale. Stillinga er plassert i kode 1474 - dekan. Løna vert fastsett etter avtale.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Rektor Margareth Hagen, tlf. nr. 55 58 20 02, mobil nr. 416 19 662,
HR-direktør Sonja Dyrkorn, tlf. nr. 55 58 28 08, mobil nr. 481 62 687
Om den som vert tilsett er ein ekstern søkjar, vil vedkomande bli vurdert for tilsetjing som professor i fagområdet sitt etter at åremålsperioden som dekan er ute.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.