Administrasjonssjef ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Søknadsfrist: 09.10.2022
Publisert
Universitetet i Bergen
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Er du vår nye administrasjonssjef ved Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonssjef
Institutt for helse, miljø og likeverd (HEMIL) ved Det psykologiske fakultet har ledig ei fast 100 % stilling som administrasjonssjef. Stillinga rapporterer til instituttleiar.
HEMIL blei etablert i 2010. Instituttet utfører forsking og tilbyr utdanningsprogram innanfor helsefremjande arbeid, barnevern og kjønns- og utviklingsstudiar
Arbeidsoppgåver:
Personalansvar for administrasjonen, dagleg drift av Instituttet, og overordna administrative funksjonar
Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
Saksbehandlings-, utviklings- og utgreiingsoppgåver
Rådgjevar og støttefunksjon for instituttleiar
Det kan over tid bli nokre endringar i ansvars- og arbeidsoppgåvene for denne stillinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Utdanning på masternivå. Relevant praksis og etter- og vidareutdanning kan i unnatakstilfelle erstatte utdanningskravet
Kompetanse og erfaring frå forskingsmiljø og kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, personalbehandling, økonomistyring, relevant administrativt arbeid og saksbehandling er ein fordel
Forståing for å jobbe i internasjonale miljø er en fordel
Kjennskap til relevante lov- og avtaleverk er ein fordel
Vi ser etter deg som er positiv og har god leiareigenskapar og evne til sjølvstendig og resultatorientert arbeid
Gode kommunikasjonsevner og gode norsk- og engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Det blir lagt stor vekt på evna til å kommunisere med, lytte til og motivere medarbeidarar
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) etter hovudavtalane i staten, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Det utgjer for tida ei årleg løn på kr. 600 000-680 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan fakultetet vurdere høgare løn
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.