Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonssjef
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2 (K2), er det ledig ei leiarstilling som administrasjonssjef (100 %) med tilsetjing snarast. Dette er ei spennande stilling i eit travelt arbeidsmiljø med dyktige fagfolk i eit kompetitivt miljø. Administrasjonssjefen inngår i instituttet si leiargruppe og har personalansvar for administrasjonen som i dag tel 18 personar fordelt på to lokalitetar. Administrasjonssjefen er linjeleder for alle tekniske ansatte.
K2 er det største instituttet ved Det medisinske fakultet og eit av dei største ved heile UiB med omlag 350 tilsette, deriblant ca 80 årsverk i vitskapelege hovudstillingar. Samla budsjett ligg på om lag 230 millionar kroner inklusive ekstern finansiering på vel 120 millionar kroner. Instituttadministrasjonen gjev administrativ støtte til fagmiljø innan studieadministrasjon, økonomiforvaltning, prosjektstyring, forskingsadministrasjon og forskarutdanning. K2 har delt studieadministrasjon med Klinisk institutt 1.
Instituttet er organisert i 21 forskingsgrupper og 17 undervisningsgrupper innretta mot forsking, innovasjon, undervisning og formidling innan ei rekkje laboratoriefag og kliniske fag. K2 har tre kjernefacilitetar innan human genomikk, flowcytometri og metabolomikk og mange sentre med spisskompetanse, inkludert fleire K.G. Jebsen sentre, Influensasenteret, Brogelmann forskningslaboratorium, Forskingseining for folkehelseundersøkjingar og to sentre for framifrå forsking; NORMENT og CCBIO.
Instituttet har areal i fleire etasjar i Laboratoriebygget, Glasblokkene 1 og 2, Armauer Hansens hus, Kvinneklinikken og Sentralblokka, alt på Haukeland Campus med gåavstand mellom einingane. I tillegg har instituttet ansatte med arbeidsstadar i Stavanger, Førde, Haugesund og ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus.
Arbeidsoppgåver:
Personalansvar for administrasjonen, dagleg drift av instituttet og overordna administrative funksjonar
Ansvar for utvikling, iverksetting og oppfølging av administrative prosedyrar og rutinar
Saksbehandlings, utviklings- og utgreiingsoppgåver
HMS-ansvar
Økonomioversikt
Delta i strategiarbeid og utvikling av administrasjonen
Omstillingsoppgåver
Rådgjevar og støttefunksjon for institutteiar og leiargruppa i administrative saker
Referent for instituttrådet
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
Relevant administrativ erfaring frå UH-sektoren er ein føremon
Leiarerfaring er eit krav
Gode digitale ferdigheiter
Gode samarbeidsevner
Vere strukturert og ha gode planleggingsevner
Erfaring med søknadsprosessar innan forsking er ein føremon
God skriftleg og munnleg framstillingsevne i båe målføre og engelsk
Løysingsorientert, sjølvstendig og resultatorientert
Evne til å leie og motivere medarbeidarar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Stor arbeidskapasitet
Vi søkjer ein person som
ønskjer å arbeide med administrasjon som støtter forsking, innovasjon, undervisning og kommunikasjon
har evne til å involvere og motivere
har stor grad av sjølvstende og er løysingsorientert
har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
har god digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
likar å jobbe med og har erfaring med endringsprosessar og omstilling
likar å jobbe i eit hektisk miljø med stort spenn i arbeidsoppgåver
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
Stilling som administrasjonssjef (kode 1058) i lønssteg 65 - 74 (for tida kr 586 500 – 694 400) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.