LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Senterleiar ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking

Søknadsfrist: 21.02.2021

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senterleiar

Ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) er det frå 01.01.2022 ledig ei stilling som senterleiar. Leiarstillinga er ei åremålsstilling, og tilsetjingsperioden er fire år med høve til å søkje om inntil ei ny åremålsperiode.

Om senteret

SKOK er eit tverrfakultært forskings- og undervisningssenter med spisskompetanse på teori innanfor det tverrfaglege kjønns- og seksualitetsforskingsfeltet. Senteret legg særleg vekt på kritiske, globale og historiske perspektiv, og samarbeider med internasjonalt anerkjente miljø. Senteret har, i tillegg til senterleiar, to og ei halv faste førstestillingar, ei eksternfinansiert forskarstilling og for tida fem rekrutteringsstillingar, samt ein administrativ stab som er felles med Senter for vitskapsteori.

SKOK har eit breitt mandat og skal tene heile Universitetet i Bergen ved å initiere, koordinere og gjennomføre forsking og undervisning med kjønns- og seksualitetsperspektiv. Senteret har ein samansett forskingsportefølje innan sentrale område i feltet, med fleire store eksternfinansierte prosjekt. Eksempel på forskingstema som har vært aktuelle dei siste åra er differensiert statsborgarskap samt skjeringspunktet mellom kjønn og humanistisk medisin.

SKOK har det faglege ansvaret for eit bachelorprogram i kjønnsstudiar og eit årsstudium i kjønn, seksualitet og mangfald. SKOK tilbyr i tillegg ph.d.-kurs både i eigen regi og i regi av den nasjonale forskarskulen i kjønnsforsking. I tillegg til forskings- og undervisningsoppgåver er det ein viktig del av verksemda å arrangere fagleg aktivitet som er relevant både for interne forskarar, for det større universitetssamfunnet og for omverda.

Administrativt er senteret lagt til Det humanistiske fakultet. Det valde fakultetsstyret på Det humanistiske fakultet legg overordna rammer for verksemda. Senteret har eit eige styre, som vert oppnemnt av universitetsstyret, og har det samla ansvaret for verksemda til senteret.

Om stillinga

Senterleiarstillinga er utfordrande, mangesidig og ansvarsfull. I stillinga vil du få godt høve til å utvikle deg som leiar i nær samhandling med dei tilsette ved senteret og med støtte frå fakultet, dekanat og universitetsleiing. Du er leiar for den faglege og administrative staben og har høve til å påverke og forme senteret som arbeidsplass, fageining og samfunnsaktør. Du må vere ein aktiv leiar som stimulerer til utvikling og samarbeid innanfor og utanfor senteret.

Senterleiar har det faglege og administrative ansvaret for senteret, leiar stabsmøta og rapporterer til dekanen ved Det humanistiske fakultet. Senterleiar deltek også i den rådgjevande leiargruppa ved Det humanistiske fakultet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

  • Fagleg og strategisk leiaransvar for arbeidet ved senteret, for samarbeidet med dei ulike fakulteta ved Universitetet i Bergen, og med nasjonale og internasjonale fagmiljø.
  • Forsking og prosjektinitiering innan kjønns- og seksualitetsforsking.
  • Overordna fagleg ansvar for undervisning, forsking og formidling ved senteret.
  • Overordna ansvar for personale, ressursbruk, samt undervisnings- og forskingsresultat ved senteret.

Leiaren sitt ansvarsområde omfattar strategisk og fagleg-politisk leiing, og leiing av forsking, forskarutdanning, undervisning og formidling ved senteret. Stillinga har arbeidsgjevaransvar med personalansvar ved senteret, ansvar for arbeidsmiljø/HMS og administrasjon, og innstillingsfullmakt i tilsetjingssaker. Senterleiar representerer senteret ved UiB og overfor omverda. Senterleiaren er blant anna fast medlem av det nasjonale fagorganet for kjønnsstudiar og sit i internasjonale forum, som The International Research Association of Institutions of Advanced Gender Studies (RINGS). Senterleiaren har ansvar for utforming av årsplan og budsjett, og skal sikre rasjonell drift og budsjettbalanse innafor rammevilkår gitt av fakultetsstyret.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Den som vert tilsett skal vere ein profilert forskar normalt med professorkompetanse. Søkjarar må ha god kjennskap til nasjonal og internasjonal forsking, utdanning og forskingsfinansiering innan kjønns- og seksualitetsforsking. Leiaren bør ha brei erfaring med tverrfagleg arbeid. Vi søkjer etter ein senterleiar som kan vidareutvikle den faglege verksemda ved SKOK, som har gode evner til å kommunisere, motivere og utøve leiarskap, og som raskt kan byggje opp gode relasjonar til dei tilsette ved senteret og til andre fagmiljø. Stillinga gir rom for å kombinere fagleg leiarskap med eiga forskingsverksemd tilsvarande ei ordinær vitskapleg stilling. SKOK har ein klar internasjonal profil og ønskjer å styrke denne. Det er difor ønskjeleg at den som vert tilsett har ei internasjonal orientering.

Aktuelle søkjarar må kunne dokumentere:

  • kjønns- og/eller seksualitetsforsking som sentral del av forskingsprofilen
  • kompetanse i å utøve fagleg og administrativt leiarskap
  • erfaring frå å vinne fram i konkurransen om eksternt finansierte forskingsprosjekt, medrekna søknadsarbeid og rekruttering av yngre forskarar
  • brei undervisnings- og rettleiingskompetanse
  • spisskompetanse på minst eitt sentralt område i kjønns- og seksualitetsforsking

Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Undervisning- og administrasjonsspråket er til vanleg norsk. Den som blir tilsett må kunne bruke norsk eller eit skandinavisk språk frå tilsetjingstidspunktet.

Vi tilbyr:

Løn etter nærare avtale og gjeldande tariffavtale, lønssteg 84-88 (kode 1475) avhengig av kompetanse og erfaring. Dette utgjer for tida mellom 909 600 – 1 019 000,- i full stilling per år før skatt. Frå bruttoløna vert det trekt 2 % til pålagt medlemsskap i Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr også:

  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel arbeidstid
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd
  • Gode velferdsordningar

Søknad:

Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida, "Søk på jobben" til Universitetet i Bergen.

Generell informasjon:

Nærare opplysningar om Senter for kvinne- og kjønnsforsking kan ein finne på senteret si heimeside.

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Dekan Jørgen Sejersted, tlf. 55 58 29 75 / e-post: Jorgen.Sejersted@uib.no eller
  • Styreleiar Ragnhild Muriaas 55 58 94 48 / e-post: Ragnhild.muriaas@uib.no

Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på jobben

Powered by Labrador CMS