Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Senterleiar for bioCEED (SFU) / professor i biologi – med fokus på utvikling av biologiutdanning

Søknadsfrist: 26.04.2020

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Senterleder for bioCEED / professor i biologi

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig ei stilling som senterleiar for bioCEED – Senter for framifrå utdanning i biologi. Senterleiar vil bli tilsett som professor i biologi med fokus på utvikling av biologiutdanning.

Om senteret og instituttet

bioCEED er eit av tolv nasjonale senter for framifrå utdanning (SFU) i Noreg. bioCEED er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Universitetssenteret på Svalbard og Havforskningsinstituttet. Senteret blei grunnlagt i 2014, og har sidan etablert seg som eit av dei mest høgprofilerte SFU-a i Noreg.

bioCEED er bygd på visjonen om at biologien, og biologane, oppstår i samspelet mellom grunnleggjande biologisk teori, biologiske ferdigheiter og bruksmåtar, og den breie relevansen biologien har for samfunnet. Denne visjonen er leiande for alt vårt arbeid i senteret. bioCEED utviklar, forskar på og brukar nye og innovative tilnærmingar til studentaktiv læring i biologi. Ei viktig prioritering for bioCEED har vore å utvikle ein kollegial læringskultur ved Institutt for biovitskap med felles ansvar, støtte og anerkjenning for bidrag til å utvikle kvalitet i utdanningane. Som ein del av denne prioriteringa har vi eit sterkt engasjement for eit studentar-som-partnarar-perspektiv, og mange av utviklingsprosjekta våre er initierte og leia av studentar. bioCEED fokuserer på studentaktiv felt- og laboratorieundervisning, og spesielt på å utvikle praksis i forsking og andre arbeidsplassar som ein læringsarena. Ved UiB og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet spelar bioCEED ei sentral rolle som knutepunkt for å utvikle ulike aspekt av utdanningskvalitet. Nasjonalt og internasjonalt har vi medverka til politikkutvikling og har bidrege til forskingsbasen for utdanningsutvikling i høgare utdanning. bioCEED har om lag 10 heiltidstilsette i forskjellige utdannings-/utviklingsstillingar, ein omfattande eksternfinansiert prosjektportefølje og eit omfattande nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingssamarbeid.

SFU-ordninga er eit av fleire tiltak for å støtte kvalitetsutvikling i høgare utdanning i Noreg, saman med ulike finansierings- og støtteordningar, forum for deling av erfaringar og meritteringssystem for framifrå undervisarar.

BIO har forskings- og utdanningsaktivitet på tvers av dei biologiske vitskapane, frå molekyl til økosystem, ved bruk av teoretiske, eksperimentelle og observasjonelle metodar og dessutan modelleringsmetodar. Vi utforskar opphavet til livet, vurderer og føreseier effekten av klima- og økosystemendringar og utviklar kunnskapsgrunnlaget for akvakultur og fiskeri og for terrestrisk og marin naturforvaltning. Saman bidreg vi med nøkkelkunnskap og kompetanse til samfunnet sin veg mot å oppfylle FN sine bærekraftmål. BIO er tett integrert med andre biologiske forskingsmiljø i Bergen og held til i moderne fasilitetar på Marineholmen, nær Bergen sentrum.

BIO er det største av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og har om lag 280 tilsette, inkludert 65 professorar og førsteamanuensar, 52 ph.d.-kandidatar og 70 teknisk og administrativt tilsette. Instituttet har om lag 750 studentar. Studietilbodet ved instituttet famnar eit bredt spekter av økologiske, evolusjonære, biologiske og molekylære biologiske fagområde og blir tilbydt gjennom to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige masterprogram og dessutan vår forskarutdanning. Som vertskap for bioCEED har BIO eit spesielt fokus på kvalitet og utvikling av undervisning og læring.

Arbeidsoppgåver og ansvar:

Oppgåvene til senterleiaren er likt fordelt mellom leiing av senteret og forskingsportefølja til senterleiaren. Senterleiaren har eit heilskapleg ansvar for den strategiske utviklinga av bioCEED i samsvar med den overordna visjonen og strategien til senteret og dessutan for dagleg drift, kommunikasjon, og at senteret skal vere synleg både internt og eksternt. Eit sentralt aspekt ved den strategiske rolla er å styrke eksisterande og setje i gang nye samarbeid rundt pedagogisk forsking og kompetanseutvikling i senteret, på fakultetet, universitetet, så vel som nasjonalt og internasjonalt. Dette inneber å spele ei nøkkelrolle i den vidare utviklinga av undervisnings- og læringsmiljøet ved BIO som eit knutepunkt for utvikling av utdanningskvalitet ved UiB og fakultet også utover SFU-perioden. Det er forventa at senterleiaren utviklar og held ved lag ein eigen forskingsportefølje i biologiutdanning eller biologi som er relevant for og styrkar bioCEED sine visjonar og mål for utvikling av læring og undervisning i biologi.

Senterleiaren er ansvarleg for personalleiing, senteret sin økonomi og prosjektportefølje, og for systematisk arbeid relatert til helse, sikkerheit og miljø i SFU bioCEED. Det blir forventa at senterleiaren skal leie senteret i samsvar med UiB sin HR-politikk og UiB sitt mål om å vere ein arbeidsplass som legg til rette for dei tilsette sine moglegheiter til å realisere sitt fulle potensial i eit godt arbeids- og læringsmiljø.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan utvikling av biologiundervisning, biologi eller tilsvarande kvalifikasjonar
  • Erfaring frå undervisningsutvikling og/eller forsking på undervisning og læring i høgare utdanning er eit krav
  • Erfaring frå senterleiing innan høgare utdanning er ein føremon
  • Leiarerfaring og strategiske leiarkvalifikasjonar frå forsking eller høgare utdanning er eit krav
  • Fullført universitetspedagogisk utdanning er eit krav (relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program)
  • Utmerkte undervisningskvalifikasjonar og merittar er eit krav. Søkjarar bør dermed dokumentere sine kvalifikasjonar og erfaring med
    • å planlegge, implementere, evaluere og utvikle undervisnings- og læringsaktivitetar
    • vesentlege bidrag til systematisk utvikling av undervisning, studieprogram og rettleiing
    • brei erfaring frå rettleiing på BSc-, MSc- og PhD-nivå
    • innsats og samarbeid knytt til arbeid med utvikling av undervisningskvalitet
  • Formell anerkjenning av pedagogiske merittar, til dømes status som framifrå undervisar eller andre meritteringssystem i høgare utdanning er ein føremon.
  • Det er forventa at den som blir tilsett, vil vidareføre og leie ein portefølje av eksterntfinansierte forskings- og utdanningsutviklingsprosjekt, og søkjarar må derfor dokumentere evner til å tileigne seg og leie slike aktivitetar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og ha sterke samarbeids- og leiareigenskapar.
  • Søkjarar må ha gode kommunikasjonsevner i engelsk, skriftleg og munnleg

Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisingsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.

Den som vert tilsett må ha universitetspedagogisk utdanning, men dersom det føreligg særleg tungtvegande grunnar, kan søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan to år etter tiltreding.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Vitskaplege prestasjonar, planar og potensial vil telle i evaluering av kandidatane. Universitetet i Bergen legg vekt på pedagogiske kvalifikasjonar for tilsetting i vitskaplege stillingar.

Arbeidsspråket vil normalt vere norsk. Den som blir tilsett, må kunne undervise og kommunisere på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tiltreding.

Vi tilbyr:

  • moglegheit til å leie og forme utviklinga av bioCEED, eit leiande nasjonalt senter for fremragende utdanning (SFU)
  • eit innovativt, fagleg utmerkt, tverrfagleg og kollegialt arbeidsmiljø
  • lønn i ltr. 77-84 (kode 1013) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer i dag ei årslønn på kr. 741 300 – 906 000 før skatt. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare lønn
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • ei kort utgreiing om søkjaren sin interesse og motivasjon for å søkje stillinga (1-2 sider)
  • ei forskingserklæring som dokumenterer søkjaren sine vitskaplege kvalifikasjonar, merittar og planar (1-3 sider + dokumentasjon)
  • ein undervisningsportefølje som dokumenterer søkaren sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring. I porteføljen skal søkaren summere opp, dokumentere og reflektere over eigen utvikling, kompetanse, prestasjonar og systematisk arbeid med utdanningskvalitet (ca. 3-6 sider + dokumentasjon)
  • relevante vitnemål, merittar, referansar
  • fullstendig liste over publikasjonar
  • ei liste med inntil 10 faglege arbeider som søkjaren vil at det skal takast omsyn til ved vurderinga, inkludert fulle referansar
  • namn og kontaktopplysningar til tre referansar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Instituttleiar Ørjan Totland, Institutt for biovitskap, telefon 47758058 / e-post: orjan.totland@uib.no, eller
  • bioCEED senterleiar Vigdis Vandvik, Institutt for biovitskap, telefon 47301794 / e-post: vigdis.vandvik@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS