Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)
HR-leiar - Det samfunnsvitskapleg fakultetet
Søknadsfrist: 08.12.2021
Publisert
Universitetet i Oslo
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Fakultetsadministrasjonen ved Det samfunnsvitskaplege fakultet støttar einingane i den daglege drifta og har samstundes eit overordna koordineringsansvar for heile fakultetet.
Fakultetsadministrasjonen er delt i fire avdelingar; Seksjon for studie, Seksjon for personal, økonomi og arkiv, Seksjon for IT/AV-tenester og Seksjon for forsking og kommunikasjon. Fakultetet vert administrativt leia av fakultetsdirektøren, med dekanen som leiar av heile fakultetet. Fakultetsadministrasjonen har til saman rundt 70 tilsette.
Om stillinga
Det samfunnsvitskapleg fakultetet søker seksjonsleiar (SKO 1211) for personal- og HR-seksjonen.
Stillinga er nyoppretta og vil få eit fagansvar for personalutvikling og HMS ved fakultetet. Den som vert tilsett får personalansvar for dei tilsette i seksjonen, som i dag utgjer fire årsverk.
Det samfunnsvitskaplege fakultet er i sterk vekst og har 700 årsverk tilsette og 4700 studentar. Seksjon for personal- og HR er organisatorisk lagt til fakultetsadministrasjonen, som har i alt 70 årsverk. Seksjonsleiaren inngår i fakultetsdirektøren si leiargruppe og rapporterer til fakultetsdirektøren.
Arbeidsoppgåver
Fagansvar for personal/HR-funksjonen ved fakultetet
Dagleg leiing av seksjonen
Oppfølging av HMS-arbeidet
Fagleg støtte ved organisasjonsutvikling og omstilling
Opplæring, rådgjeving og støtte til institutt- og fakultetsleiing
Samarbeid med tenestemannsorganisasjonane
Bistå i personalsaker og rekrutteringsprosessar
Bidra og legge til rette for kompetanseutvikling for leiarar og medarbeidarar
Syte for at seksjonen bidreg med fagleg rettleiing, kunnskapsdeling og fagleg samarbeid internt og eksternt
Bidra til kontinuerleg prosessforbetring og kompetanseheving
Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonskrav
Utdanning på masternivå relevant for fagområdet. Kandidatar utan master vil bli vurderte dersom dei har annan relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå og særleg relevant erfaring
Leiarerfaring og brei erfaring innan personal/HR-området
Erfaring med samarbeid med tenestemannsorganisasjonane
Kunnskap og innsikt i offentleg forvalting og relevant lov og avtaleverk
Erfaring frå endringsprosessar og god digital kunnskap og interesse
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Utviklingsorientert og evne til å bygge ein felles kultur
Tydeleg og med evne til å inspirere, skape motivasjon og samhald
God arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
Interesse for utvikling av kompetanse, medarbeidarskap og leiarskap for å nå fakultetet sine mål
God relasjonsbyggar som trivast i dialog med fagmiljøa og eigne medarbeidarar
Vi tilbyr
Løn som seksjonsleiar kode 1211 fastsetjast etter individuell vurdering innanfor eit spenn mellom ltr. 76 og 84, kr 734 400 og kr 919 700, avhengig av kompetanse og ansiennitet
Fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar
Trening i arbeidstida
God pensjonsordning og gunstig lån i Statens Pensjonskasse
Søknaden skal innehalde
Søknadsbrev
CV
Evt. vitnemål, attestar, liste med 2-3 referansar (namn, tilknyting til søkjar, e-postadresse og telefonnummer)
Søknad (evt. med vedlegg) må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt, Jobbnorge.
Andre opplysningar
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
I høve til offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.
UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Eventuelt ved leiarstilling med mindre enn 40 % kvinnedel oppmodast kvinner særskild til å søkje.
Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Om det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.