Ledig stilling på Universitetet i Oslo

Blindern og Urbygningen (Foto: Wikimedia og Colourbox)

Senterleiar ved Senter for Ibsen-studium

Søknadsfrist: 17.04.2023

Universitetet i Oslo

Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 28000 studentar og 7000 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.


Senter for Ibsen-studium (SIS) er eit nasjonalt og internasjonalt knutepunkt for forsking, dokumentasjon og undervising om Henrik Ibsen. Senteret er organisert og lokalisert under Institutt for lingvistiske og nordiske studier, men har eiget budsjett og eiget råd. Mandatet til senteret er «å legge forholdene til rette for forskning og kunnskapsformidling om Henrik Ibsen og hans forfatterskap, med sikte på en styrking av Ibsenstudiene i nasjonal og internasjonal sammenheng». Hovudoppgåva til dette tverrfaglege senteret er forsking, undervising, formidling og dokumentasjon. Senteret har dei siste åra prioritert å gjere så mye materiale som mogleg tilgjengeleg, og har dermed utvikla fleire ulike digitale ressursar med open tilgang. Blant disse er særleg den elektroniske utgåva av Henrik Ibsens Skrifter og den relasjonelle databasen IbsenStage viktige innan nyare Ibsen-forsking. Senteret har høge ambisjonar om å utmerke seg internasjonalt på̊ dette området.

Om stillinga

Ei stilling som senterleiar (SKO 1475) er ledig ved Senter for Ibsen-studium.

Senter for Ibsen-studium (uio.no) er verdas leiande fagmiljø for forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om Henrik Ibsen og hans verk. I nær framtid skal senteret lansere eit internasjonalt digitalt masterprogram og planlegginga av Ibsen-jubileet i 2028 er i gang. For tida har senteret tre faste vitskapelege heiltidsstillingar, ei fast 100 % forskarstilling med ansvar for dei digitale ressursane som senteret forvaltar og ei 50 % bibliotekarstilling. Det er frå januar 2023 knytt eit 5-årig ERC-prosjekt med fleire rekrutteringsstillingar til senteret. Senteret har dessutan jamnlege besøk av ei rekke gjesteforskarar for kortare eller lengre opphald.

Senterleiar-stillinga er ei fireårig åremålsstilling med moglegheit for forlenging i inntil ytterlegare fire år. Ansvarsområda omfattar leiing av forsking, undervisning og formidling. Det er viktig at senterleiaren inspirerer, legg til rette og motiverer til intern og ekstern samhandling, profilerer senteret utad og er ei drivkraft i den faglege, strategiske og organisatoriske utviklinga. Stillingshavar har dessutan ansvar for personalleiing av senterets tilsette, samt ansvaret for økonomistyring og helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid. Det er senterleiars ansvar å sjå til at dei organisatoriske forholda ligg best mogleg til rette for aktivitetane ved senteret.

Senterleiar har dessutan viktige oppgåver innanfor undervising og rettleiing av masterstudentar og stipendiatar ved senteret, og som førelesar og føredragshaldar ved ulike arrangement. Det er høve til eiga forsking.

Senteret har som mål å styrkje Ibsen-dokumentasjonen og -formidlinga, særleg gjennom å utvide og oppdatere dei digitale ressursane i samanheng med Ibsen2028. Ein forventar at senterleiar har en plan for korleis senteret best kan oppfylle desse målsettingane.

Arbeidsoppgåvene vert delt likt mellom leiing, forsking og undervising.

Senteret deler administrasjon med, og er underlagt, Institutt for lingvistiske og nordiske studium (uio.no) ved Det humanistiske fakultet. Det er utnemnt eit råd for senteret som er rådgivande for senterleiar i faglege og strategiske spørsmål. Se her.

Senterleiaren er senterets øvste leiar, rapporterer til instituttleiar og leiar senterets verksemd innanfor rammer og planar sett av fakultets- og instituttstyre.

Kvalifikasjonskrav

  • fortrinnsvis professorkompetanse (minimum førstestillingskompetanse) innanfor fagfelt ved senteret (litteratur, teater, historie, kulturstudium, språk eller kombinasjonar av desse).
  • gode eigenskapar innan personalleiing
  • gode kommunikasjonseigenskapar
  • erfaring med økonomistyring
  • språkleg kompetanse til å undervise på engelsk
  • pedagogisk kompetanse og undervisningserfaring
  • personleg høvelegheit og motivasjon for stillinga
  • Den som blir tilsett i stillinga, må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ved vurdering av søkjarane vil det bli lagt vekt på:

  • vitskapeleg arbeid på Ibsens liv og/eller verk og deira etterliv
  • leiarerfaring innanfor personalleiing/forskingsleiing/undervisningsleiing
  • gode samarbeidsevner
  • dokumenterte resultat frå etablering og utvikling av forskings- og formidlingsnettverk

Vi tilbyr

Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev
  • CV
  • refleksjonsnotat på 1-2 sider om senterets utviklingsmogelegheitar innanfor gjeldande rammer i leiarperioden og korleis du kan bidra til dette (menneskelege ressursar, økonomi og det faglege)

Vitnemål og attestar vil eventuelt etterspørjast seinare. Søknad med vedlegg må sendast inn via vårt elektroniske rekrutteringssystem. Vi gjer merksam på at all dokumentasjon må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk.

Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

Andre opplysningar

Sjå Reglement for tilsetting av leiarar ved fakultet og institutt (uio.no).

I samsvar med offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista.

UiO har ein overtakingsavtale (uio.no) for alle tilsette med føremål å sikre rettane til forskingsresultat m.m.

Inkludering og mangfald er ein styrke. UiO har eit personalpolitisk mål om å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing. Vidare ønskjer vi medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Kontaktinformasjon

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS