Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Er du klar for ein utfordrande og spennande leiarrolle ved universitetet?
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Administrasjonssjef
Er du klar for ein utfordrande og spennande leiarrolle ved universitetet? Ved Kjemisk institutt har vi ledig ei stilling som administrasjonssjef.
Kjemisk institutt – eit fagleg sterkt miljø for kjemisk forsking og utdanning
Kjemisk teknologi, kunnskap og kompetanse er avgjerande for å møte samfunnet sine aukande utfordringar innan helse, miljø, berekraftig ressursutnytting, energi, nye material, kvalitetssikring og -analysar, jf. FN sine berekraftsmål. Kjemisk institutt bidrar til å skape, anvende og formidle kjemisk kunnskap gjennom forsking og utdanning av høg kvalitet og i samarbeid med relevante regionale, nasjonale og internasjonale aktørar. Dette er mogeleg mellom anna ved at instituttet har satsa strategisk på oppbygging av ein moderne forskingsinfrastruktur. Ved Kjemisk institutt kan du ta moderne og etterspurte utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå, innan kjemi, nanovitskap, medisinsk teknologi, farmasi, energi, og lektorutdanning.
Kjemisk institutt har 11 førsteamanuensar, 13 professorar, 3 forskarar og 10 ingeniørar i faste stillingar. Administrasjonen består av fem tilsette som yt administrativ støtte innan informasjonstenester, studieadministrasjon, forskingsadministrasjon og forskarutdanning. Administrasjonssjefen koordinerer også leveransar frå HR- og økonomitenestene som ligg på fakultetet. Vi har i dag omlag 250 studentar og 40 ph.d.-studentar. I tillegg har instituttet for tida knytt til seg om seks personar i vitskaplege delstillingar og knappe ti personar i postdoktor- og forskarstillingar, slik at om lag 80 personar er tilsette ved instituttet. Samla budsjett ligg på vel 70 mill. kroner i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 25 millionar kroner. Instituttet held til i Realfagbygget i Allégaten 41, og høyrer inn under Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Du finn meir informasjon om Kjemisk institutt på instituttet si heimeside.
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:
AnsvarsområdeSom administrasjonssjef vil du ha eit breitt ansvarsområde og med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Du inngår i instituttet si leiargruppe og rapporterer til instituttleiar.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:
leie administrasjonen og ha personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette
utvikle dei administrative tenestene og implementere og fylgje opp prosedyrar og rutinar i samsvar med retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet
ha oversikt over instituttet sine personalressursar og rekrutteringsbehov
saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret
saman med instituttleiar organisere og følgje opp økonomistyring, ressursdisponering og arealforvaltning
gje støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål
drive forskingsadministrasjon, prosjektoppfølging og anna arbeid for å styrke den ekstern-finansierte forskingsaktiviteten ved instituttet
saman med instituttleiar vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret
Du må vere budd på at det kan skje endringar i ansvars – og arbeidsoppgåver over tid.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:
gode leiarkvalitetar og interesse for leiing, relevant erfaring og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold
relevant praksis og utdanning på masternivå eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
forståing og interesse for offentleg sektor
erfaring frå administrasjon og tyngre utgreiingsoppgåver
erfaring frå økonomistyring og personalleiing vil vere ein føremon
gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
evne og vilje til å bruke nye digitale verktøy og arbeidsmetodikk
Personlege eigenskapar
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi ønskjer ein administrasjonssjef som:
har ein motiverande leiarstil prega av gode samarbeidsevner og dialog
har evne til å ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement
har god organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
har evne til å leie og arbeide målretta, med god framdrift og resultatoppnåing
har stor arbeidskapasitet og effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil
Vitnemål og attestar skal lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.
Vi tilbyr:
utfordrande og utviklande arbeids- og leiaroppgåver i eit aktivt, godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
samarbeid med dyktige kollegaer
deltaking i leiarnettverk ved fakultetet og UiB
stilling som administrasjonssjef (kode 1058) og brutto årsløn frå kr. 745 000 - 796 600 (tilsvarar lønnssteg 74-77). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn.
Instituttleiar Knut Børve, e-post: knut.borve@uib.no, tlf.: 47627005 eller
Fakultetsdirektør Elisabeth M. Lysebo, e-post: Elisabeth.Lysebo@uib.no, tlf.: 97557135
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Anna Folgerø, anna.folgero@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for auka jamstilling og ønskjer kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om og resultat frå aktivt jamstillings- og mangfaldsarbeid blir lagt vekt på ved rekruttering av leiarar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.