LEDIG STILLING VED UNIVERSITETET I BERGEN

Administrasjonssjef ved Institutt for fysikk og teknologi

Søknadsfrist: 02.04.2024

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Administrasjonssjef ved Institutt for fysikk og teknologi

Er du klar for ei utfordrande og spennande leiarrolle ved UiB? Ved Institutt for fysikk og teknologi har vi ledig stilling som administrasjonssjef frå medio oktober 2024.

Institutt for fysikk og teknologi – frå grunnleggande fysikk til teknologisk utviklingVed Institutt for fysikk og teknologi forskar vi innan eit breitt spekter, frå nysgjerrigheitsdriven grunnforsking til teknologiorientert forsking som spenner frå nanostrukturar til verdsrommet. Eksperimentelt arbeid er viktig for forskinga vår, og vi har høg ekspertise i å byggje avanserte instrument med hjelp frå eit høgt kompetent ingeniørteam. Instituttet har også ein mekanisk verkstad som gjer det mogleg med raske skreddarsydde løysingar for prosjekta våre. I samband med forskinga er det og ein sterk innovasjonsportefølje med stort potensial både for kommersielle og samfunnsmessige fordelar.

Ved Institutt for fysikk og teknologi kan du ta moderne og etterspurde utdanningar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå i fysikk, energiteknologi og prosessteknologi, og eit integrert 5-årig siv.ing.-program i havteknologi. Vi deltek også i siv.ing.-programma i energi og i medisinsk teknologi. Instituttet er og vertskap for eit Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI): «Smart Ocean».

Til instituttet høyrer for tida om lag 34 professor- / førsteamanuensisstillingar, 15 forskarar og 21 teknisk / administrativt tilsette. Vi har om lag 60 tilsette i rekrutteringsstillingar, og om lag 80 ph.d.-studentar og 100 siv.ing/mastergradstudentar. Samla budsjett ligg på vel 170 mill. kroner der om lag halvparten er eksternt finansierte prosjekt.

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

Som administrasjonssjef vil du ha eit breitt ansvarsområde og med eit særskilt ansvar for den administrative leiinga av instituttet. Du inngår i instituttet si leiargruppe og rapporterer til instituttleiar. 

Dine viktigaste arbeidsoppgåver vil vere å:

  • leie administrasjonen og ha personalansvar for dei teknisk/administrativt tilsette.
  • utvikle dei administrative tenestene og implementere og fylgje opp prosedyrar og rutinar i samsvar med retningsliner og reglar som gjeld ved universitetet.
  • ha oversikt personalressursar og rekrutteringsbehov ved instituttet.
  • saman med instituttleiar ivareta arbeidsgjevaransvaret.
  • saman med instituttleiar ha ansvar for økonomistyring, ressursdisponering og arealforvaltning
  • gje støtte og råd til instituttleiar i administrative og organisatoriske spørsmål.
  • drive forskingsadministrasjon, prosjektoppfølging og anna arbeid for å styrke den eksternt finansierte forskingsaktiviteten ved instituttet.
  • saman med instituttleiar vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet ved instituttet og ha tilsyn med og følgje opp HMS-ansvaret.

Du må vere budd på at det kan skje endringar i ansvars - og arbeidsoppgåver over tid.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

KvalifikasjonarVi ser etter deg som har:

  • gode leiarkvalitetar og interesse for leiing, relevant erfaring og gode resultat frå tidlegare arbeidsforhold
  • relevant praksis og utdanning på masternivå eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved lang, relevant praksis og etter- og vidareutdanning
  • forståing og interesse for offentleg sektor
  • erfaring frå administrasjon og tyngre utgreiingsoppgåver
  • dokumentert erfaring frå sakshandsaming
  • erfaring frå økonomistyring vil bli vektlagt
  • erfaring frå personalleiing er ein fordel
  • gode kunnskapar i norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • god administrativ IT-kompetanse
  • evne og vilje til å bruke nye digitale verktøy og arbeidsmetodikk

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane. 

Vi ønskjer ein administrasjonssjef som:

  • har ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av gode evner til samarbeid og dialog
  • kan ta initiativ, stimulere til endringar, finne løysingar og skape engasjement
  • har god organisasjonsforståing og evne til å tenke heilskapleg og strategisk
  • har evne til å leie og arbeide målretta, med god framdrift og gode resultat
  • har stor arbeidskapasitet og effektiv, strukturert og kvalitetsbevisst arbeidsstil

Vitnemål og attestar skal lastast opp i Jobbnorge saman med søknaden.

Vi tilbyr:

  • utfordrande og utviklande arbeids- og leiaroppgåver i eit aktivt, godt og fagleg utfordrande internasjonalt arbeidsmiljø
  • samarbeid med dyktige kollegaer
  • deltaking i leiarnettverk ved fakultetet og UiB
  • stilling som administrasjonssjef (kode 1058) og brutto årsløn frå kr. 745 000 – 796 600 (tilsvarar lønnssteg 74-77). For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønn. 
  • fleksibel arbeidstid
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga får du hos: 

For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegger kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultater fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid tillegges vekt ved rekruttering av ledere.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS