Ledig stilling ved Universitetet i Bergen

Vikariat som seniorkonsulent innen HR

Søknadsfrist: 03.02.2020

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Seniorkonsulent

Universitetet i Bergen

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.


Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt og tre senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.

Det samfunnsvitskaplege fakultet ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat som seniorkonsulent ved HR- og stabsseksjonen ved fakultetet. Vikariatet er for perioden 14. april 2020 – 13. april 2021.

Seksjonen har ansvar for all personalforvalting, HR-verksemd og stabsfunksjonar ved fakultetet. Dei personaladministrative oppgåvene omfattar utlysing og tilsetting i alle stillingar ved fakultetet, sakshandsaming av søknader om permisjonar, forskingstermin, opprykk mm, samt saksførebuing og sekretariatsfunksjon for styrer og utval. Inkluderande arbeidsliv, likestilling, organisasjonsutvikling, leiarstøtte, utvikling og kvalitetssikring av rutinar er andre viktige oppgåver for seksjonen.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming i rekrutteringsprosesser frå utlysning til tilsetting
  • Generell personaladministrativ sakshandsaming
  • Stabsfunksjonar for leiargruppa
  • Registrering av lønns- og personaldata
  • Sekretariatfunksjon for informasjons- og drøftingsutvalet
  • Sakshandsamar og loggførar i HMS-arbeidet
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Relevant praksis innan personal- og HR-arbeid er ein føremon
  • God administrativ IKT-kompetanse. God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein medarbeidar som

  • er ansvarleg og løysingsorientert
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • arbeider nøyaktig og systematisk

Vi kan tilby:

  • Ei allsidig stilling med gode moglegheiter for kompetanseutvikling
  • Eit godt fagleg og sosialt miljø
  • Løn etter lønssteg 55 - 59, (kode 1363). For tida utgjer det kr. 488 000 – 523 200 per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan ein vurdere høgare løn
  • Gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS